Dyrsku'n 9.-11. september 2022

Klikk her for å kjøpe billetter

Telemarksfeet er opphavet til Dyrsku'n sidan 1866. Du kan framleis møte den vakre rasen på Dyrsku'n

Storfe, ungdomsmønstring og kalvemønstring

Vi inviterer til storfeutstilling, kalvemønstring, kumønstring for ungdom og eksteriørtevling fredagen i Dyrsku’n.

Husdyrutstillinga og Telemarkskua er framleis ryggraden i Dyrsku’n, og Fjoset med husdyr, dømming og mønstring er hovudarenaen på Dyrskuplassen.

Nærare orientering om utstillinga kjem i brev frå utstillingsansvarleg rett før Dyrsku’n.  Det er TINE Rådgiving som er ansvarlig for utstillinga, og spørsmål kan rettast til utstillingsansvarleg Njål Vestøl på mobil 91376415.

Generell informasjon og påmelding til storfeutstillinga på Dyrsku’n finn du her.

Åpne på egen side

Her kan du laste ned Husdyrkatalogen for Dyrsku’n 2022.

Åpne på egen side
Det har blitt en tradisjon å dele ut fleire prisar i samband med husdyrtevlingane på Dyrsku’n.

Dei største prisane er:

Seljordprisen (kvart år) – Seljord kommune
Dyrskuprisen (kvart år) – Samarbeidsrådet for Buskerud, Vestfold og Telemark og Telemark Landbruksselskap
Johan Lindeqvists Sølvkande for kvæavl (kvart 3. år) – Telemark Landbruksselskap
Hans Kleppens Vandrekrus (kvart år) – Telemark Landbruksselskap
Seljordprisen og Dyrskuprisen delast ut til beste ku, geit og hest

Landslaget for Telemarkfe delar ut

Dyrsku-bjølla (kvart år)
Gro og Hølje Brekkas vandrepremie (kvart år om verdige kandidatar)
Beste ungdyr (kvart år)

Her finn du informasjon om årets prisar.

Åpne på egen side

Alle dyr må ha veterinærattest som ikkje er eldre enn 7 dagar gamal. Dyrsku’n dekker utgiften til veterinærattest med frist innan 1. oktober for innmelding av refusjonskrav. Her skal det gå fram besetningas status med omsyn til BRSV / BCoV (må vere grøn), og det skal kunne leggjast fram attest på at besetninga er fri for Digital Dermatitt det siste året.
Det vert godkjent 1 behandling i løpet av 6 månader med klauvspalteflegmoner.

All avlessing av dyr skal skje ved Husdyrhallen.

Her finn de også Veterinærkontoret. Spørsmål kan stillast til Seljord Veterinærkontor på tlf. 35 05 09 30.

Generell informasjon om storfeutstillinga på Dyrsku’n finn du her.

Åpne på egen side

Dei som stiller ut ku og geit får eit transporttilskot ved eigen køyring på inntil kr. 1.500,- pr. utstillar.
Dyrsku’n kan ordne organisera transport for utstillarar som treng det. Transporttilskotet fell då bort. Gje beskjed om dette ved påmelding.

Generell informasjon om storfeutstillinga finn du her.

Åpne på egen side

Vi inviterer til storfeutstilling, kalvemønstring, kumønstring for ungdom og eksteriørtevling fredagen i Dyrsku’n. Husdyrutstillinga og Telemarkskua er framleis ryggraden i Dyrsku’n, og Fjoset med husdyr, dømming og mønstring er hovudarenaen på Dyrskuplassen.

Utstillinga tek til kl. 09.15
Transport inne på Fjoset er ikkje lov, og all av- og pålessing skal skje ved Husdyrhallen.
Det er mogleg å kome med dyr dagen før utstillinga.

Utfyllande informasjon om utstillinga finn du her.

Nærare orientering om utstillinga kjem i brev frå utstillingsansvarleg rett før Dyrsku’n.  Det er TINE Rådgiving som er ansvarlig for utstillinga, og spørsmål kan rettast til utstillingsansvarleg Njål Vestøl på mobil 91376415.

Åpne på egen side

Påmeldingsfristen for storfe er 20. august 2022.

Åpne på egen side