Dyrsku’n følger tilrådingane frå næringa for å førebygge smittsame sjukdommar. Målet er at alle dyr som kjem til Dyrsku’n skal vere friske og smittefrie.
Utstillinga tek til kl. 09.15. Det er mogleg å kome med dyr dagen før utstillinga.
Av- og pålessing skal skje ved Husdyrhallen. Transport inne på Fjoset er ikkje lov.
Veterinærkontoret er ved Husdyrhallen. Spørsmål kan rettast til Seljord Veterinærkontor på telefon 35 05 09 30.
Smittevern og helsekrav
Alle dyr må ha veterinærattest/Helseoversikt Buskap som ikkje er eldre enn 10 dagar. Dokumentasjon skal føreligge i Helseattest Buskap, Stambok individ eller Dyrehelseportalen/Eana360/Storfekjøttkontrollen.
Last ned Helseattest buskap (pdf).
Besetninga må ha grøn BRSV/BCoV-status. Status skal vere dokumentert gjennom samleprøve av kvigemjølk eller blodprøve av kalv over 6 månader. Analysen må vere under eitt år gamal.
Det skal ikkje vere mistanke om smittsam diaré eller lungesjukdom i besetninga etter siste prøveanalyse.
Det skal vere gjennomført klauvskjering i besetninga det siste året, og det skal ikkje vere registrert digital dermatitt det siste året. Det vert godkjent éi behandling for klauvspalteflegmone i løpet av 6 månader.
Alle dyr blir dusja på klauvene med eigna desinfeksjonsmiddel på veg inn og ut av utstillinga.
Det er ikkje lov å bruke høgtrykksvaskar til reingjering av dyra.
Jurhelse
Dyrsku’n jobbar for å unngå spreiing av smittsame mastittbakteriar på utstillinga.
Utstillarar bør ha med eige spannmjølkeanlegg. Dersom felles mjølkeutstyr blir brukt, må mjølkinga gjennomførast med god hygiene:
- Éin rein klut per ku
- Dypping av mjølkeorgan i minst 60 graders vatn i 1 minutt
- Avkjøling av organ mellom påsett mellom kyr
Krav til dyr som skal dømast
Dyra som stiller, må ha seminokse eller stambokført gardsokse som far og vere av mjølkerase.
Det vert ikkje stilt krav til avlsverdi. Kyr med tomme jur blir dømde.
Alle kyr skal mjølkast om morgonen på utstillingsdagen.
Sjuke kyr blir ikkje dømde.
Alle dyr må vere rett merka i begge øyra og innmelde i merkeregisteret.
Premiegrad
- 1. premie: 8,0 for kropp og bein og 4,0 for jur
- 2. premie: 7,0 for kropp og bein og 3,0 for jur
Alle utstillarar av ku får deltakarpremie og diplom. 1. og 2. premiekyr får i tillegg sølvskei.
Utstillingsmodell
Dyra blir delte inn i grupper etter rase og talet på kalvingar.
Alle dyr i gruppa blir ståande til alle er dømde. Det blir delt ut deltakarpremie til alle.
Dei staselegaste kyrne frå gruppene blir samla til kåring av rasens gjevaste ku.
Kåring av beste ku
Alle 1. premiekyr / rasens gjevaste ku blir samla i ringen.
Ein dommar frå kvar rase set opp ei rangering. Dommarane kan ikkje røyste på eigen rase.
Tilskot og refusjon
Dei som stiller ut ku får transporttilskot ved eigen køyring. Dyrsku’n kan organisere transport for utstillarar som treng det. Transporttilskotet fell då bort. Gje beskjed om dette ved påmelding.
Dyrsku’n dekker kostnader til:
- Prøve for dokumentasjon av raud/grøn besetning
- Veterinærattest
- Transport av dyr
Kostnader til prøve må dokumenterast med fakturakopi. Fakturaen må innehalde:
- Produsent
- Ku nr.
- Kontonr.
Dokumentasjon og refusjonskrav må vere Dyrsku’n i hende innan 1. oktober. Krav som kjem inn etter fristen vert ikkje refunderte.
Påmelding
Påmeldingsfrist: 26. juli.
Påmelding kan gjerast til Sigbjørn Haslemo:
Mobil: 916 19 850
E-post: s-haslem@online.no
Nærare informasjon om utstillinga kjem i brev frå utstillingsansvarleg rett før Dyrsku’n.
TINE Rådgiving er ansvarleg for utstillinga.
Dyreutstillarane vert inviterte til middag på Storstogo torsdag kveld kl. 19.00.