Frå husdyrtevlinga på Dyrsku'n

Storfe-utstillinga

Vi inviterer til storfeutstilling, kalvemønstring, kumønstring for ungdom og eksteriørtevling fredagen i Dyrsku’n. Husdyrutstillinga og Telemarkskua er framleis ryggraden i Dyrsku’n, og Fjoset med husdyr, dømming og mønstring er hovudarenaen på Dyrskuplassen.  

Vi er svært glade for den interessa som husdyrhaldarar syner ved å vise fram gode dyr og slik slutte opp om Dyrsku’n.

Påmeldingsfrist er onsdag 23. august 2023. 

STORFEUTSTILLINGA

Vi tillét berre besetningar med grøn BRSV / BCoV.

Alle rasar dømast etter same reglement. Slik får utstillinga ei form som appellerer til eit breitt publikum og blir meir i tråd med reglane for internasjonale utstillingar. Kyr av same rase blir dømt gruppevis kvar for seg framfor scena. Deretter blir 1.premiekyrne tatt inn og rasen sine beste kyr blir kåra. Slik tek ein rase for rase, og di fleire av dei eldre og sjeldnare mjølkerasane som blir med, di større interesse vil utstillinga fenge hos publikum. Til slutt tevlar dei beste dyra av alle raser om å bli best og få prisen for beste ku på Dyrsku’n 2024.

Utstillingsreglar for storfe finn du her

Frå og med 2013 tillét vi at alle gamle storferaser stiller med dyr som ikkje er medlem av ku-kontrollen. Dette for å kunne rekruttere frå fleire besetningar. Det vert presisera at dei same krava gjeld til avstamming og merking som for alle andre raser.

 

Frå utstillingsreglane – krav til premiegrad:

1.premie  8,0 for kropp og bein og 4,0 for jur

2.premie  7,0 for kropp og bein og 3,0 for jur

3.premie  6,0 for kropp og bein og 2,0 for jur

  • 5 valfrie Redx-doser til beste NRF-ku
  • Det blir trekt ut ein utstillar som får 2 timer gratis avlsrådgiving frå TINE

 

Dyra blir ikkje dømde om ikkje desse krava vert fulgt:

  • Besetninga må vere med i ku-kontrollen. (Gjeld ikkje dei gamle norske storfe-rasane).
  • Dei dyra som stiller, må ha seminokse eller stambokført gardsokse som far og vere av mjølkerase
  • Det vert ikkje stilt krav til avlsverdi, og kyr med tomme jur vil bli dømde
  • Alle kyr skal mjølkast om morgonen på utstillingsdagen
  • Sjuke kyr dømmast ikkje
  • Alle dyr må vere rett merka i begge øyra og innmeldt i merkeregisteret

GENERELT OM UTSTILLINGANE

  • Det er ikkje lov å bruke høgtrykksvaskar til reingjering av dyra
  • Utstillinga tek til kl. 09.15
  • Transport inne på Fjoset er ikkje lov, og all av- og pålessing skal skje ved Husdyrhallen. (Gjeld også geit)
  • Det er mogleg å kome med dyr dagen før utstillinga.
  • Husdyrutstillarane vert invitera til middag på Storstogo torsdag kveld kl. 19.00. I tillegg vert det servera frukost inne på Fjoset fredag morgon.

TILSKOT

  • Dei som stiller ut ku og geit får eit transporttilskot ved eigen køyring på inntil kr. 1.500,- pr. utstillar.
  • Dyrsku’n kan ordne organisera transport for utstillarar som treng det. Transporttilskotet fell då bort. Gje beskjed om dette ved påmelding

VETERINÆRATTEST

  • Alle dyr må ha veterinærattest som ikkje er eldre enn 7 dagar gamal. Dyrsku’n dekker utgiften til veterinærattest med frist innan 1. oktober for innmelding av refusjonskrav. Her skal det gå fram besetningas status med omsyn til BRSV / BCoV (må vere grøn), og det skal kunne leggjast fram attest på at besetninga er fri for Digital Dermatitt det siste året.
  • Det vert godkjent 1 behandling i løpet av 6 månader med klauvspalteflegmoner.
  • All avlessing av dyr skal skje ved Husdyrhallen. Her finn de også Veterinærkontoret. Spørsmål kan stillast til Seljord Veterinærkontor på tlf. 35 05 09 30.

PÅMELDING

Klikk her for påmelding – Påmelding for 2024 kjem.

  • Elles kan du melde på dyr direkte til Johanna Aglen mobil 94873770 eller e-post Johanna.Aglen@tine.no
  • Hugs påmeldingsfrist 23. august!

Nærare orientering om utstillinga kjem i brev frå utstillingsansvarleg rett før Dyrsku’n.  Det er TINE Rådgiving som er ansvarlig for utstillinga, og spørsmål kan rettast til utstillingsansvarleg.

 

Kalvemønstring

Kalvmønstringa er eit publikumsvennleg og sjarmerande innslag fredag formiddag.

Ynskjer du å stille ut kalv på Dyrsku’n i år? Her finn du informasjon og reglar for årets kalvemønstring.

Reglar for kalvemønstringa

  • Krav til mønstrar: 5 – 15 år gamal. Krav til kalven: 1 – 6 mnd. gamal okse- eller kvigekalv
  • Vi deler dei som mønstrar inn i 2 grupper etter alder. Dette blir gjort etter påmeldingsfristen
  • Kvar gruppe er inne i ringen ca. 20 min. og dommarane rangerer etter utsjånad på kalven, og samspel mellom kalv og mønstrar. Det vil bli vektlagt at mønstrar er velkledd

 

Kumønstring for ungdom

Her finn du informasjon om kumønstringa for ungdom over 13 år på Dyrsku’n

I denne klassa vert ungdomane premiera for styling og koordinering mellom mønstrar og dyr.

Reglar for kumønstring for ungdom

  • Mønstrar må vere fylt 13 år og dyret som mønstrast kan være ku eller kvige over 6 mnd. gammal
  • Vi går bort frå dommarskjema. Det dømmast kun etter styling og handtering
  • Mønstrar må kunne stille ku i open stilling. Vert det stilt med ei kvige, må den kunne stillast i lukka stilling
  • Alle ekvipasjane er inne i ringen samtidig. Dommarane plukkar så ut ein og ein og står til slutt att med 5 ekvipasjar i ein finale
  • Dei ekvipasjane som ikkje kjem til finalen, trekker ut til sida i ringen og er med heilt til slutt
  • For å skilje finalistane, kan det vere aktuelt å bytte dyr
  • Det oppmodast til at deltakarane også stiller kua i eksteriørtevlinga tidlegare på dagen

Du kan sende spørsmål eller påmelding direkte til utstillingsansvarleg Johanna Aglen mobil 94873770 eller e-post Johanna.Aglen@tine.no.