Resultat husdyrutstillinga på Dyrsku’n 2026
Seljordsprisen 2026 – beste geit
Går til geit nr. 9013 frå Marie Veslestaul i Øyfjell. Perla er ei høgstilt, harmonisk geit med svært gode bein og god djupn.
Ho har eit svært godt festa jur med fine spenar. 9 poeng på kropp og bein, og 9 poeng på jur og spenar. Ei fantastisk flott geit som har produsert kanskje verdas beste geitemjølk i heile sju år. Veldig moro å sjå ein så flott veteran her på Dyrsku’n.
Dyrskuprisen 2026 – beste ku
Går til telemarkskua nr. 35 Rosalita frå Ragnhild og Frode Borø Svaland.
Rosalita har fått 12,5 poeng og 1. premie.
Dommarane har gitt følgjande omtale:
Middels stor, mjølkeprega ku. Sterk rygg. Rett kryss. Gode beinvinklar, litt mjuke kodar. Velforma bollejur med tydeleg midtband. Godt plasserte spenar.
Les meir om Seljordprisen og Dyrskuprisen.
Beste geit gårdsutstilling
Geit nr. 03418 Symra fra Kirsti Skrattegard og Morten Risvang
Beste ku gårdsutstilling
Ku nr. 99 Edlin fra Inga Skretting Timpelen og Lars Byberg Timpelen
Beste avlsgeit – Bukkehornet
Geit nr. 05003 fra Kirsti Sandland og Sverre Noraberg
Beste NRF-ku
Ku nr. 1804 Måne fra Søve VGS
Telemarksku
Ku nr. 35 Rosalita fra Ragnhild og Frode Borø Svaland fikk Dyrskubjella og Gro og Hølje Brekkas vandrefat.
Beste ungku gikk til ku nr. 75 Fjølros fra Tarjei Minde Haugo.
Resultatlistene frå ku- og geiteutstillinga, og gardsdømminga
Her er dei endelege resultatlistene frå ku- og geiteutstillinga, i tillegg til oversikt over premieringa frå gardsdømminga.
I oversikta frå gardsdømminga finn du namn på eigar, nummer og namn på kua, samt premiegrad.
Geit 2026

Ku 2026

Gardsutstilling – alle rasar





