Verdas sprekaste geitebonde

Då bestemor hennar kjøpte den fyrste mjølkemaskina i området, vart det bråk i avisa. Sjølv har geitebonde Marie Veslestaul tatt ein heilt annan – og mykje lengre – veg til store overskrifter.

11.09.2021
Marie Veslestaul, verdas sprekaste geitebonde frå Øyfjell, Vinje.

Tekst: Aina Kristiansen  Foto: Haakon Sand

 

– Eg er på mitt aller lukkelegaste når eg er ute og spring, seier den doble verdsmeisteren i ultratriatlon.

Er de svoltne? Eg har dekt på litt mat til dykk, seier Marie Veslestaul og visar veg til dekt bord i stoga på garden Veslestaul i Øyfjell, Vinje.

Krus og tallerkar med blå motiv i ein attkjenneleg stil og eit breitt spenn av årstal vitnar om fleire generasjonar med Dyrsku-gjengarar. Sjølv har ho vore på Dyrsku’n så lenge ho kan hugse.

– Eg hugsar det som veldig stas, nett som gebursdag og jol. Det er jo ein folkefest!

Sjølv om Dyrsku’n har forandra seg mykje sidan ho var lita jente, håpar ho at årets høgdepunkt for kvar ein telemarking vil halde fram å vere ein plass der folk kan få sjå korleis maten vår blir produsert.

– Eg trur òg det er viktig for komande generasjonar med bønder å ha ein slik plass, kor dei får vise fram kva dei lagar og gjer på garden og kjenne seg stolte over det.

Som geitebonde er ho uroa for korleis ein i media kan få inntrykk av at alt står dårleg til for dyra i fjøs og på beite i Noreg. Ho saknar forteljingane om alle dyra som har det bra og blir teken godt vare på, slik ho gjer med dei 75 mjølke-geitene på garden familien har drive sidan midten på førre hundreår.

Besta og Papa

Marie fortel at det har vore gardsdrift her oppe på fjellet i lang tid. Ho seier at det finst diplom frå Fesjå tilbake til 1951, der Åse vert gjeven utmerkinga «særs godt» for husdyrstellet sitt for kyr. Geit kom det fyrst til garden i 1966. Diploma ber namnet Åse Veslestaul, men for Marie heitar ho berre Besta.

– Besta var ei smart dame, og ho dreiv garden godt, seier Marie.

Har du vore på Dyrsku’n og teke deg tid til å sjå på bileta i Husdyrhallen, har du kanskje sett den driftige dama Marie pratar så varmt om. På eit av dei står nemleg Åse Veslestaul med geita Perle, som var ei av mange geiter ho mønstra på Dyrskuplassen opp gjennom åra.

Åse vart fødd i 1911 og allereie kring 20 år gamal gifta ho seg, og etter kvart kom det fire born. Den yngste, Kåre, er far til Marie, eller Papa, som ho kallar han.

Då Kåre var berre tolv år gamal, døydde far hans. Dei eldre syskena var vaksne og hadde allereie flytta heiman frå og fått seg jobb, så då var det berre Åse og sonen igjen til å stella med garden og geitene.

Fyrste mjølkemaskin i område

Det var hardt arbeid for å få endene til å møtast, men sjølv om timane nok ikkje strakk heilt til for dei to geitebøndene, var dei både flittige og driftige der oppe på fjellet. Åse koka ost og kinna smør som ho selde eller bytta til seg varer med.

– Besta var ei av dei fyrste i området her som fekk mjølkemaskin. Eg skal ikkje seie for sikkert når det var, men det var kring 1973 eller 1974, seier Marie.

Ho hugsar at ho las eit innlegg i avisa frå nokre lokale bønder som meinte at dei like godt kunne leggja ned heile landbruket om det var så dårleg stelt at dei trong mjølkemaskin. Ein kunne kanskje le av dette i dag, men Marie ler ikkje. For bestemora hennar var kanskje mjølkemaskina eit vere eller ikkje vere etter at ho vart att åleine med garden.

– Besta måtte berre finna ut korleis ho kunne drive det så enkelt som mogleg, og det funka for ho. Eg tenker at ho var veldig tøff, som stod i det og verkeleg ikkje brydde seg om kva folk sa.

Tradisjon for det utradisjonelle

Etter kvart tok Kåre over den daglege drifta, men garden stod i Åses namn nesten fram til Marie overtok i 2018.

– Vi budde jo i bygda før det, så eg har jo sprunge opp både morgon og kveld for å taka fjøs, seier Marie.

Og når ho seier «springe», meiner ho det. Idrett har vore ein stor del av livet hennar så lenge ho kan hugse, men det handlar om noko heilt anna enn å bli sterk eller rask.

– Eg blir veldig lukkeleg av å vere i bevegelse. Det har eg tenkt mykje på, særleg no som det ikkje har vore nokre konkurransar på nokre år. For meg handlar det ikkje om konkurransen, men om å bevega meg. Eg er på mitt aller lukkelegaste når eg er ute og spring, seier ho.

Sonen Sakarias (13) ler litt og nikkar stadfestande. Han har sommarferie og har nett sett seg ved bordet for å eta lunsj. Eit nybakt rundstykke med geitost. Heimelaga, sjølvsagt.

Marie byr på ein påtår kaffi og eit rundstykke til. Kanskje litt heimelaga moltesyltetøy denne gongen? Eller meir brunost?

Ho kokar han på tradisjonelt vis, med jerngryte og vedfyring. Drygt seks timar tek det å laga fem kilo ost, så det blir berre til eige bruk og ei gåve her og der. Ikkje akkurat noko ein kan leve av å byte til seg varer med i desse dagar, med andre ord. Men tilbake til springinga.

– Når vi skal ein plass, plar eg seie at dei skal dra føre, så kjem eg springande etter, seier ho og ser på sonen. Han nikkar igjen.

Det ikkje er så farleg for ho om ho spring, syklar eller går på ski, berre ho får bevege seg. Ikkje bryr ho seg så mykje om kor ho spring heller. Asfalt, grusveg, skogssti – sama det, berre ho får springe. Det er slik ho hentar energi, koplar av og tar seg heilt fri frå alt ansvaret. Akkurat då er ho i rein lukkerus over å få gjere noko berre for seg sjølv.

– Eg veit jo at vi er forskjellige, og nokon ladar kanskje opp med å lese ei bok eller stelle i hagen. For meg er det trening som gjeld. Eg håpar verkeleg at andre òg gjer seg sjølv så lukkelege som eg er når eg er ute slik.

Då dei budde lenger nedi bygda og ho sprang opp bakkane for å ta fjøset, tok ho gjerne ei runde på 12–13 kilometer på vegen heim. Berre fordi det var fint, som ho seier.

Marie Veslestaul, verdas sprekaste geitebonde

Marie Veslestaul, verdas sprekaste geitebonde

Minst like tøff som Besta

Eigentleg starta ho med å gå på ski, men innsåg fort at ho trong både utstyr og nokon med peiling på skismurning. Då ho gjekk over til sykling, fann ho ut at det eigentleg er ein lagidrett.

– Eg sykla Trondheim–Oslo, men det einaste eg hugsar er ropinga: «Marie, hold hjul! Marie, hold hjul!», minnest ho.

Nei, ho liker best å sykle åleine, vil helst sjå seg om og nyta turen samstundes som ho tråkkar seg gjennom landskapet. Det handlar om å vere akkurat her, akkurat no, som ho seier. Om å sleppe alle tankar om ansvar og gjeremål som ventar. Difor har ho etter kvart funne ut at det er betre med konkurransar som varer lenger – gjerne fleire døgn: langdistansetriatlon. Det skulle det vise seg at ho er ei av dei aller beste i verda på.

Då Marie vart ambassadør for Sportsmanden i fjor haust, presenterte ho seg sjølv slik: «Eg er aktiv ultratriatlet og ultraløpar utan bestemt tilhørigheit til nokon klubb. Eg har ei fin merittliste med både to verdsmeisterskaps-titlar, ein verdsrekord, vinnar av verdscupen i ultratriatlon 2019 og tidlegare Norseman-vinnar. Fullførte òg Norseman gravid til svart trøye og kom tilbake og tok tredjeplass åtte månadar etter fødsel.»

Fire gonger har ho fullført distansen dobbel ultratriatlon – 7,6 kilometer symjing, 360 kilometer sykling og 84,4 kilometer løping, alt i eitt, utan pausar. I 2019 vart ho verdsmeister. Då var ho allereie verdsmeister i trippel ultratriatlon – 11,4 kilometer symjing, 540 kilometer sykling og 126,6 kilometer løping, ein distanse ho òg har fullført fire gonger. Les dei tala ein gong til! Ikkje berre Besta som var tøff her på garden, nei.

Bondelivet er ikkje for alle

Dyrsku-kruset er tomt, og endeleg får vi besøkja geitene. Her oppe i Øyfjell får geitene gå fritt ut og inn heile året, og graset er ikkje noko grønare på andre sida. Nett no er dei oppe på den øvste bergknausen, men så snart dei får ferten av Marie, kjem dei for å helse på.

Lyden av fleire titals bjøller og synet av geiter og kje som slentrar, spring og hoppar nedover mot bonden sin er som ein levande reklamefilm for livet som bonde.

For Marie var det eit val. Ho ville bli bonde og ho valde å bli det. Slik er det ikkje for alle. Ho fortel at sjølv om sonen er ivrig til å stille ut geiter på Dyrsku’n, har ho lova seg sjølv at ho aldri skal leggje noko press på han for å ta over garden når ho ein dag vil gje seg. Ho veit kva det krev. Ein ting er alt arbeidet, i snitt 8,5 timar i fjøset kvar dag, 365 dagar i året. Ein annan er økonomien.

– Eg meiner det er vanskeleg å rekne overskot i kroner og øre mot antal timer ein legg ned, men gardslivet gjer meg ikkje rik. Då skal du verkeleg ha lyst til å drive gard, og det er det berre ein sjølv som kan kjenne om ein gjer. Om du ikkje føler at du er født til å vere bonde, bør du ikkje bli bonde. Eg tenker at det er eit forferdeleg band om du følar at du ikkje har eit val.

Nei, same kor lang vegen måtte bli, er det best å finne sin eigen, som Besta på sitt vis og Marie på sitt.

Marie Veslestaul

  • Geitebonde frå Øyfjell i Vinje med 80 mjølkegeiter og 20 unggeiter og leverer fast til Tine
  • Vaks opp på garden Veslestaul, som vart drive av far hennar før ho og mor hans før han
  • Bur i lag med mannen Magnus, sonen Sakarias, hunden Bella Primadonna og kattane Plomme og Snippen
  • Foreldra Kåre og Tora flytta inn ein nybygga kårboleg på garden i sommar
  • Ei av verdas beste ultratriatletar, med to VM-gull, ein verdsrekord, ein verdscupsiger og ei lang liste med fullførte langdistanseløp som til dømes Norseman