Barnas Bondegard er plassert sentralt på området, like ved informasjonsområdet – midt i smørauget. Her blir barna inviterte inn i eit trygt, levande og lærerikt miljø der dei får oppleve dyr, natur og aktivitet på nært hald.
Nærkontakt med dyr
På Barnas Bondegard får barna bli kjende med fleire av gardens dyr, som sau, gris, høner og kalvar. Dei får også sjå kyllingar som er i ferd med å klekkast, noko som gir eit unikt innblikk i livet på garden. Barna kan klappe, stelle og vere saman med dyra i rolige og trygge omgjevnader.
Elevar frå Nome vidaregåande skule på Søve, Telemark si einaste naturbruksskule er til stades og rettleier barna. Gjennom leik og læring deler dei kunnskap og skaper gode opplevingar for dei yngste.
Årets tema: Bier
Temaet for årets Dyrsku er bier, og dette pregar aktivitetane på området. Her får barna lære om kor viktige biene er for naturen og matproduksjonen vår. Dei kan mellom anna:
- lage insektshotell
- få ansiktsmåling som ei bie
- utforske eit leikeapparat forma som ei bikube
- smake på honningkake
Leik, læring og aktivitet
I samarbeid med Du Verden Sjøfartsmuseum og Vitensenter og Søve AS blir Barnas Bondegard ein stad der leik og læring går hand i hand. Barna får utforske, vere aktive og bruke sansane sine i eit variert og tilrettelagt miljø. Leikeapparata frå Søve AS gir rom for fysisk aktivitet og utfalding.
Barnas Bondegard er ein pedagogisk møteplass der barn får utforske naturen, lære om dyr og oppleve meistring gjennom leik og aktivitet ein stad for gode minne og ny kunnskap.