Matkvartalet
Dyrsku’n er ein unik nasjonal møteplass der norsk landbruk, lokalmat og matkultur står i sentrum. I 2026 feirar vi 160 år, og i jubileumsåret løftar vi matsatsinga til nye høgder – med endå fleire smakar, opplevingar og møte mellom menneske, råvarer og tradisjonar.
I Matkvartalet får du oppleve heile reisa frå jord til bord. Her kan du utforske norsk matkultur med alle sansar – smake på lokale spesialitetar, lære om råvarer og produksjon, og møte produsentane, bøndene og kokkane som skaper maten.
Gjennom levande formidling, aktivitetar og servering blir Matkvartalet ein stad for inspirasjon, matglede og ekte opplevingar for både små og store.
Lokalmat-teltet
Lokalmat-teltet er hjartet i Matkvartalet – og i år blir det endå større, med meir rom for smakar, møte og opplevingar. Det utvida teltet gir betre plass til både produsentar, servering og publikum, og skaper ei luftigare og rikare oppleving for alle som tek turen innom. Her møter du lokalmatprodusentar frå heile landet, som byr på unike produkt, sterke historier og eit stort mangfald av norsk mat og drikke.
Nytt av året er at Lokalmat-teltet også blir ein større serveringsarena. Med rundt 150 sitjeplassar kan du setje deg ned og nyte gode måltid midt blant produsentar, råvarer og levande matkultur. Her finn du servering frå fleire ulike aktørar – med både kjende favorittar og nye smaksopplevingar. Den tradisjonsrike Åmotsdal-rjomegrauten blir framleis servert frå Eldhuset, men blir no også tilgjengeleg inne i Lokalmat-teltet.
Lokalmatkjøkkenet
Inne i Lokalmat-teltet har Lokalmatkjøkkenet i fleire år vore ein viktig arena for matglede, smakar og formidling – men i år kjem eit nytt innhald og eit nytt samarbeid.
Gjennom eit samarbeid mellom Norges Bygdekvinnelag og elevar frå restaurant- og matfag ved Hjalmar Johansen vidaregåande skule i Skien skal tradisjon møte framtid. Her arbeider ungdom og erfarne matformidlarar frå Norges Bygdekvinnelag side om side for å lage, servere og formidle norsk matkultur gjennom konkrete smakar, historier og opplevingar.
Lokalmatkjøkkenet skal vere ein stad der publikum ikkje berre får smake maten – men også forstå råvarene, historia, handverket og menneska bak.
Mat- og Dyrketunet
Rett utanfor Lokalmat-teltet finn du i år Mat- og Dyrketunet, der det etablerte Mat-tunet blir utvida med det nye Dyrketunet. Dette er ei stor satsing som løftar fram grønsaksproduksjon og den grøne delen av norsk landbruk, og gir publikum høve til å kome tett på dyrking, råvarer og matproduksjon.
Vi byggjer opp eit levande dyrkemiljø med over 60 dyrkekassar fylte med grønsaker, urter, blomar, frukt og korn – i tillegg til ein stor drivhustunnel der eit mangfald av vekstar kan overraske og inspirere, frå frodige drivhusgrønsaker og opp mot 30 ulike tomatsortar til kanskje noko så eksotisk som vassmelon. Publikum får kome tett på korleis ulike matplanter veks og blir til råvarer vi brukar kvar dag.
Her møter du også aktivitetane til Geitmyra Matkultursenter frå Tønsberg, som inviterer barn og unge inn i matens univers gjennom praktiske aktivitetar, smaking og matglede. Her får publikum oppleve korleis frø blir til plantar, korleis råvarer blir til mat – og kvifor kunnskap om dyrking betyr meir enn mange kanskje trur.
Mat- og Dyrketunet viser fram den grøne delen av matproduksjonen. På andre arenaer under Dyrsku’n kan publikum oppleve fleire av dei andre produksjonane i landbruket – som husdyrhald, mjølk og foredling – og sjå korleis også desse råvarene blir til mat.
Som tidlegare år finn du også fleire ulike serveringsaktørar i området, som byr på spennande matopplevingar baserte på norske råvarer. Her kan du nyte både kjende favorittar og nye smakar!
Eldhuset
I Eldhuset får du kjøpt den tradisjonsrike og legendariske heimelaga rjomegrauten frå Åmotsdal.
Heile bygda er i sving for å kunne by Dyrsku-gjestene på grauten det går gjetord om – og som for mange er ein heilt fast del av Dyrsku-opplevinga.
For dei som ikkje tek turen innom Eldhuset, blir rjomegrauten i år også tilgjengeleg inne i Lokalmat-teltet.
Steinomnen ved Eldhuset
Ved Eldhuset finn du Dyrsku’n sin eigen utandørs steinomn.
Her blir det steikt ferskt brød og søt gjærbakst gjennom heile Dyrsku’n. Lukta av nysteikt bakst trekkjer mange innom – og smaken gjer det lett å forstå kvifor dette har blitt ein fast favoritt for mange.
Tett på MATEN
Nytt av året er Tett på MATEN – ein ny arena som blir fysisk kopla direkte saman med Lokalmat-teltet. Her inviterer vi publikum tettare på maten gjennom aktivitetar, korte kurs, demonstrasjonar, foredrag og smaksopplevingar.
Her kan du lære meir om alt frå matberedskap, konservering og råvarer til matkultur, tradisjonar og framtidas matsystem – formidla på ein enkel, praktisk og engasjerande måte. Arenaen skal vere ein lågterskel møteplass for kunnskap, nysgjerrigheit og gode samtalar om mat.
Fredag og laurdag blir det også mogleg å delta på øl- og sidersmaking, leia av Thor O. Havn, pommelier, sommelier og ein av dei fremste formidlarane av norsk sider. Saman med ulike produsentar av øl og sider tek han publikum med inn i ei heilskapleg og informativ smaksoppleving, der drikken blir sett i samanheng med andre produkt og råvarer frå Lokalmat-teltet.