Velkomen til Dyrsku’n 12.-14. september

Opplev Noregs største og beste folkefest – berre to timar frå Oslo! Ei helg full av dyr, mat, kultur og aktivitetar. Eit eventyr for heile familien – midt i vakre Telemark.

Kjøp din Dyrsku-billett her

Stemninga du bare må oppleve

«Barna våre snakkar framleis om då dei fekk mate kalvar – og me fann vår nye favorittost på lokalmatmarknaden. Dyrsku’n er blitt vår faste tradisjon!»
– Familie frå Oslo

Stad: Seljord i Telemark – berre 2 timar frå Oslo med bil eller tog
Dato: 12.–14. september 2025
Opningstider: Fredag–søndag fra kl. 09
Billettar: Kjøp på nett – enklast og rimelegast. Barn under 6 år gratis i følgje med vaksne.
Overnatting: Camping, hytter og hotell i nærleiken
Planlegg reisa di – Så enkelt kjem du til Seljord frå Oslo – rett frå kvardagen til folkefesten på to timar!

Kva er Dyrsku’n?

Dyrsku’n er Noregs største og mest unike opplevingsarena.
Her kan du:

  • lære kva som skjer med mjølk og kjøtt frå ku til bu
  • leie ein kalv
  • lære ekte handverk
  • sjå korleis vi skal skaffe oss mat i framtida
  • smake deg gjennom dei beste norske råvarer
  • sjå Norges flottaste kyr og hestar
  • klappe ein gris
  • delta i Noregs største bryllup
  • få med deg kurs og foredrag
  • handle blant 800 utstillarar
  • ha det gøy på Nordens største tivoli

Alt dette og mykje meir kan du ta del i på Dyrsku’n – ein heilt unik opplevingsarena!

Kun to timar frå Oslo.
Ta turen da vel! Og du, hugs at rotekte opplevingar gjev minner som varer.

Kjøp din Dyrsku-billett her

Barnas Dyrsku'n

For dei vaksne

For alle