Matrettar på Dyrskun. Foto Mona B. Kasin.

Tettpå MATEN

Nytt av året er Tettpå MATEN – ein ny arena som blir fysisk kopla direkte saman med Lokalmat-teltet. Her inviterer vi publikum tettare på maten gjennom aktivitetar, korte kurs, demonstrasjonar, foredrag og smaksopplevingar.

Tettpå MATEN

Her kan du lære meir om alt frå matberedskap, konservering og råvarer til matkultur, tradisjonar og framtidas matsystem – formidla på ein enkel, praktisk og engasjerande måte. Arenaen skal vere ein lågterskel møteplass for kunnskap, nysgjerrigheit og gode samtalar om mat.

Fredag og laurdag blir det også mogleg å delta på øl- og sidersmaking, leia av Thor O. Havn, pommelier, sommelier og ein av dei fremste formidlarane av norsk sider. Saman med ulike produsentar av øl og sider tek han publikum med inn i ei heilskapleg og informativ smaksoppleving, der drikken blir sett i samanheng med andre produkt og råvarer frå Lokalmat-teltet.