Søppelsortering på Dyrsku'n
Søppelsortering på Dyrsku'n

Avfallssortering

Det er utstillars ansvar å halde standplassen og området rundt ryddig og fri for søppel til ei kvar tid. Det produserast mykje avfall i samband med Dyrsku’n og mykje av dette er ein ressurs.

Av brannomsyn skal ikkje søppel og brennbart avfall oppbevarast inne på standen.

Utstillarar på Dyrsku’n skal sortere i desse fraksjonane: 

  • Matavfall. Her skal alt som er matavfall OG matemballasje. Dette går til gjenvinning biogass.
  • Restavfall
  • Plast
  • Pant. Mykje pant går i søpla hos oss, hjelp oss å bli meir berekraftig!

I tillegg vert det sortera i desse kategoriane:

  • Papp/kartong – må flatpakkast og fraktast til eige returpunkt
  • Plast/folie
  • Trevirke
  • Glas/metall

Utstillarar får utdela avfallssekkar for plast og restavfall ved innsjekk. Desse må settast synleg fram til vegen.

Tidspunkt for henting av plast- og restavfall (sjå utstillarinfo):

  • Fredag morgon
  • Laurdag morgon og kveld
  • Ved avreise sundag kveld skal standen ryddast og avfallet sorterast som forklara over

For dei av dykk som har mykje pallar/anna trevirke eller stål/jern, ta kontakt med oss slik at vi kan vise til oppsamlingsplass. Slikt type avfall skal ikkje i restavfallscontaineren. Containerar og andre oppsamlingsbehalderar skal vere synleg merka med dei forskjellige fraksjonane.

Kart over returpunkt på Dyrsku'n