Hesteutstillinga på Dyrsku'n er blant ei av dei største i landet, og premiane frå utstillinga heng høgt. Kaldblodstravaren Ness Tjo Stjernen vart kåra til Dagens unghest på Dyrsku'n 2019

Premiar hesteutstillinga

Her finn du informasjon om premiane til årets hesteutstilling.

Premiane til årets hesteutstilling er følgande:

Laurdag (vaksne hestar)

Travhestar:
Avkomstgruppe

Framsyning:
Elite  kr. 15.000,-
A      kr. 10.000,-

Teoretisk bedømming:
Elite  kr.   7500,-
A      kr.   5000,-

Premiering øvrige klasser:
1.premie: kr.  7500,- + sylvskei
2.premie  kr.  3000,- + sylvskei

Øvrige raser:
1.premier kr. 3000,- + sylvskei
2.premie  kr. 1500,- + sylvskei

Pengepremiane og sylvskeiene vert dela ut ved første gongs oppnåelse av premiegraden. Vallakar har anledning til å delta, men vil ikkje få utbetalt pengepremiar.

Øvrige gåvepremiar blir gjeven i forhald til plasseringa.

Alle hestar er med og tevlar om Dyrskuprisen, og mottek ein minnepremie frå Dyrsku’n.

I tillegg vert det kåra Dagens hest blant rase- og klassevinnarane.

Skilnaden i pengepremiane mellom travhest og øvrige raser skyldast at Dyrsku’n har nemninga Landsutstilling for travhest, og premiane er derfor sponsa av Telemark Travforbund og Telemark Hesteeierforening.

Sundag (unghest)

Travhestar:
Nr. 1 i kvalitet kr. 3000,-
Nr. 2 i kvalitet kr. 2000,-
Øvrig kvalitet   kr.  500,-

Øvrige raser:
Nr. 1 i kvalitet kr. 2000,-
Nr. 2 i kvalitet kr. 1000,-
Øvrig kvalitet   kr.  500,-

Alle mottek minnepremie frå Dyrsku’n, og øvrige gåvepremiar blir gjeven i forhald til plasseringa.

Rase- og klassevinnarane er til slutt med og tevlar om å bli Dagens hest.

Også her skyldast skilnaden i pengepremiane mellom travhest og øvrige raser at Dyrsku’n har nemninga Landsutstilling for travhest, og premiane er derfor sponsa av Telemark Travforbund og Telemark Hesteeierforening.