Utstillarreglement

Ved innsending av søknadsskjema stadfester utstillar å ha gjort seg kjent med reglementet for utstillarar på Dyrsku’n, og er bunden av dette.

 

Last ned utstillarreglementet i pdf

 

REGLEMENT FOR UTSTILLARAR DYRSKU’N 2026

Dyrsku’n er ikkje berre ei messe – det er Noregs største og mest levande møteplass for mat, landbruk, handel, politiske debattar, fagkunnskap og ekte opplevingar. Kvart år samlar vi eit engasjert publikum, sterke fagmiljø og hundrevis av utstillarar som ønskjer å vise fram det beste dei har.

Som utstillar blir du ein viktig del av denne opplevinga. Målet vårt er at du skal få presentere produkta og tenestene dine på aller beste måte, i ein atmosfære prega av kvalitet, tradisjon og innovasjon. For at alle skal få ei trygg, profesjonell og triveleg messeoppleving, held vi Dyrskuplassen ryddig, sikker og lett tilgjengeleg gjennom heile arrangementet.

For å få dette til, er det viktig at alle utstillarar følgjer gjeldande retningslinjer. Kontaktpersonen for standen er ansvarleg for at reglementet vert gjort kjent og etterlevd av alt standpersonell. Brot på reglementet kan føre til bortvising eller avslag på framtidige søknadar – men med godt samarbeid skapar vi ei messe som gjev både publikum og utstillarane ei minneverdig og lønnsam oppleving.

 

1. Tidsfristar og økonomisk ansvar

  • Påmeldingsavgifta betalast ved innsending av søknadsskjema. Avgifta vert ikkje refundert ved avbestilling eller manglande tildeling av standplass, og kan ikkje overførast til neste år.
  • Søknadsfrist: 1. februar 2026. Søknadar etter denne datoen vert sett på venteliste.
  • Tildeling av standplassar skjer i slutten av mars. Inntak frå venteliste skjer fortløpande fram til ei veke før arrangementet startar.
  • Faktura for standleige vert sendt ut i slutten av mai, med 14 dagars betalingsfrist. Standleiga må vere betalt i sin heilskap før standen kan takast i bruk.
  • Avbestillingsfrist: 22. juni 2026. Skriftleg avbestilling sendast til utstillar@dyrskun.no. Ved avbestilling innan fristen blir standleiga refundert. Etter denne datoen må standleige betalast, med mindre legeerklæring blir sendt inn.
  • Matutstillarar pliktar å sende inn omsetnadsrapport innan ei veke etter arrangementet. Rapporten blir handsama konfidensielt og ikkje delt med tredjepart.

2. Standplass

Utstillar kan ikkje framleige eller bytte stand utan godkjenning frå arrangør.

Utstillar skal ha ein ansvarleg person til stades på standen i heile opningstida. Alle uønska hendingar, inkludert skadar og nestenulykker, skal straks meldast til utstillarvakt eller Vakt- og beredskapsleiar.

Alle standar får utdelt eit standskilt ved innsjekk. Dette skal hengast opp og vere godt synleg gjennom heile arrangementet.

Fartsgrensa på området er maks 20 km/t.

Utstillarar kan ikkje filme eller fotografere publikum til marknadsføring utan å innhente nødvendige samtykke eller sikre at opptaka er gjort frå open stad der personvernreglane tillèt det. Dronefoto er forbode utan særskilt løyve.

Dersom utstillar ikkje har sjekka inn innan fredag kl. 08.00, vert plassen frigjort. Ved manglande oppmøte gjeld ordinære betalingsvilkår.

Alle telt og konstruksjonar skal vere forsvarleg bardunert og dimensjonert for sterk vind og nedbør.

To adgangsband er inkludert i standleiga. Ekstra billettar kan kjøpast på utstillarkontoret eller via nettsida.

Det er ikkje trådlaust nett på området – ta med eigen løysing om naudsynt.

Spesielt for dei som sel mat og drikke;

Utstillarar som tilbyr mat eller drikke skal følgje Mattilsynet sine reglar for servering og mattryggleik, slik som bl.a. reinhald og temperaturkontroll. Allergen skal merkast tydeleg. Det er tilgang til handvask ved Lokalmatarenaen.

2.1 Standplass ute

Dyrsku’n er eit utandørsarrangement, og vêrforhold kan påverke standplassen. Utstillar må derfor planleggje for ulike vêrtypar, til dømes ved å leggje golv eller anna eigna underlag dersom ein ønskjer ein stabil og tørr standplass. Utestandane har underlag av gras eller grus. Djubda varierer etter område, men er som regel mellom 4 og 7 meter. Utstillar disponerer standplass frå vegkanten og bakover, vanlegvis til midten av feltet. Ved tvil om avgrensingane skal utstillar ta kontakt med Utstillarkontoret for tilvising.

2.2 Standplass inne

  • Hall A (Husflid & handverk): modular på 4–8 m² med enkelt rammeverk i tre. Utstillar må sjølv dekke til veggar. Underlag: betong.
  • Lokalmat-teltet: modular på 8–9 m², avgrensa med 1 m høge gjerde. Underlag: tregolv.

2.3 Opprigg og nedrigg

Standplassen kan disponerast ei veke før og etter arrangementet. Alt utstyr må haldast innanfor standgrensene. Privatbilar skal parkerast på anvist plass. Tungbilar som skal levere varer, må vere ferdige med levering innan onsdag i Dyrsku-veka. Nedrigg kan ikkje starte før publikumstida er over. Alt gods og avfall må fjernast innan ei veke etter arrangementet.

3. Straum og gass

  • 1,5 kW straum er inkludert. Ekstra straum kan bestillast fram til 1. august (etter dette +25 % påslag). Alt elektrisk utstyr må vere CE-merka. Bruk energisparande lys (LED) der det er mogleg.
  • Det er lov å oppbevare inntil 22 kg propan (2 x 11 kg). Gass må stå fritt og ikkje i sollys. Ved bruk av frityr må brannsløkkingsapparat på minst 6 kg (merka F) vere tilgjengeleg.

4. Under arrangementet

  • Reklame og sal skal haldast innanfor eigen standplass. Ambulerande sal og bruk av høgtalar er ikkje tillate. Ta omsyn til naboane – støy frå maskiner og lyd må avgrensast.
  • Utstillar er ansvarleg for reinhald på og rundt standen. Avfall skal sorterast – sjå www.dyrskun.no/avfallssortering.
  • Adgangsband skal vere festa på armen under heile arrangementet. Varetransport må skje utanom opningstid for publikum.

5. Produkt og sal

  • All betaling skal skje i NOK. Det er forbode å selje varer i strid med norsk lov. Utstillar må følgje kassasystemlova og ha eventuelle nødvendige løyve.
  • Det er ikkje tillate å selje serveringsklar mat utan avtale. Loddsal må ha løyve frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.
  • Ulovlege varer omfattar mellom anna e-sigarettar, våpenkopiar, heliumballongar, kinaputtar og liknande.

6. Brannvern

Dyrsku’n har eige brannmannskap og samarbeid med lokale beredskapseiningar. Hald gangvegar frie og brannkummar tilgjengelege. Alle standplassar skal ha brannsløkkingsapparat på minst 6 kg ABC.

Overnattings-einingar skal i tillegg ha røykvarslar. Open eld krev søknad til utstillar@dyrskun.no. Kolgrill og eingongsgrill er ikkje tillate. Bruk av propan krev gassvarslar.

7. Ansvar og forsikring

Utstillar skal følgje norske lover, inkludert reglar for meirverdiavgift og tryggleiksarbeid. Utstillar er ansvarleg for skadar dei eller utstyret deira påfører personar eller eigedom.

Alle utstillarar skal ha ansvarsforsikring på minst 10 millionar kroner per skadetilfelle. Arrangør dekker ikkje tap grunna tjuveri, skadeverk eller forhold utanfor vår kontroll (t.d. vêr, force majeure, eller andre reguleringar iverksett av myndigheitene)

8. Force majeure og kontakt

Ved force majeure, som pandemi, krig, naturkatastrofe eller liknande hendingar utanfor arrangøren sin kontroll, kan ikkje utstillar krevje refusjon eller erstatning.

Kontaktinformasjon:
DYRSKU’N ARRANGEMENT AS
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord
Tlf. 35 06 57 70 | utstillar@dyrskun.no | www.dyrskun.no
Org.nr. 976 466 365