Du finn trygg, norsk, lokalprodusera mat laga med kjærleik på Dyrsku'n.

Mat på Dyrskuplassen

På Dyrsku’n heng gode matlukter tungt over plassen, og du treng ikkje gå langt mellom kvar stad for å sjå, smake og oppleve ulike godsaker.

Det er lokalmat laga av trygge, norske råvarer – krydra med mykje kunnskap, stoltheit og lidenskap for faget.

Sjå menyar på Dyrsku’n

Landbruk og mat går hand i hand på Dyrsku’n, og her kan du møte dyra, oppleve dyrking, sjå korleis maten blir til – og til slutt nyte smaken av ferdige rettar og lokalmat frå heile landet.

På Dyrsku’n finn du alt frå tradisjonsmat og lokale spesialitetar til nye smaksopplevingar, serveringsmat, aktivitetar og levande formidling.

Velkomen til Dyrsku’n – der du kan nyte god mat med gode opplevingar!

Matkvartalet

Mat- og Dyrketunet

Her kan du oppleve kvar maten kjem frå.

Mat- og Dyrketunet byr på over 80 dyrkekassar fylte med grønsaker, urter, blomar, frukt og korn – i tillegg til ein stor drivhustunnel med levande produksjon og aktivitetar.

Som tidlegare år finn du også fleire ulike serveringsaktørar i området, som byr på spennande rettar baserte på norske råvarer.

Hjembu Gård

  • Elgpita
  • Hjorteburger

Bekkereinan

  • Pulled pork i hamburgerbrød

Meen Gård

  • Vårrullar
  • Wok
  • Grillspyd
  • Bakt potet

Lindheim Ølkompani

  • Frukt
  • Diverse fermentert/sylta produkt på glas

Hardanger Bygdeysteri

  • Steikeostburger

Smalahovetunet

  • Smalahovel

Galloway Økokjøtt

  • Økologisk kjøt frå 100 % grasfôra Galloway. I tillegg har vi eit utval kjøtprodukt for sal.
  • Galloway-hamburger
  • Galloway-pølser

Smultringhuset

  • Smultringer

Breheimen

  • Elgburger
  • Elgbab

Steinomnen ved Eldhuset – Wilmas Bakehus

Her blir det steikt ferskt brød og søt gjærbakst gjennom heile Dyrsku’n.

Den gode lukta av nysteikt bakst har gjort steinomnen til ein fast stoppestad for mange Dyrsku-gjester.

Lokalmat-teltet

Lokalmat-teltet er større enn nokon gong og byr på produsentar frå heile landet.

Nytt av året er ei større serveringssatsing med rundt 150 sitjeplassar inne i teltet og fleire ulike serveringstilbod, i tillegg til vårt eige Lokalmatkjøkken.

Lokalmatkjøkkenet

Inne i Lokalmat-teltet finn du Lokalmatkjøkkenet, som får nytt innhald i år gjennom eit samarbeid mellom Norges Bygdekvinnelag og elevar frå restaurant- og matfag ved Hjalmar Johansen vidaregåande skule i Skien.

Her møter tradisjon framtid gjennom levande matlaging, servering og formidling av norsk matkultur.

Her får du smake både tradisjonsrettar og nye rettar inspirerte av norsk mathandverk – tolka på ein ny, ung og kreativ måte.

Tradisjonell mjølkekake

Nysteikt mjølkekake – som minner om ei svele eller ei tjukk pannekake – laga etter tradisjonell oppskrift frå Norges Bygdekvinnelag. Servert med klassisk topping – rømme og syltetøy.

Mjølkekake – moderne variant

Den same tradisjonelle mjølkekaka, toppa med kreative, salte fyll utvikla av elevar frå mat- og restaurantfag ved Hjalmar Johansen vidaregåande skule. Prøv mellom anna varianten med lammekjøt frå Telemarklam og andre sesongbaserte råvarer frå lokale produsentar.

Kvit Geit

En fløyelsmyk dessert laget på geitemelk, toppet med sesongens smaker fra lokale matprodusenter.

Brænn Kaffebar

Ein kaffibar med sal av alle kaffedrikkar, laga på økologisk kaffi! Kaffibønner kan kjøpast på standen.

Fallet Catering

Dyrsku’n Vaffel-Taco. Norsk potetvaffel møter lokalmat fra Telemark – i streetfood-form.

Åmotsdal Grendehus

Åmotsdalsgraut frå Åmotsdal, saft.

Tett på MATEN

Nytt av året er Tett på MATEN – ein ny arena tett kopla saman med Lokalmat-teltet.

Her blir det foredrag, demonstrasjonar, korte kurs, smakingar og aktivitetar som inviterer publikum tettare på maten, sjå program. Tema som råvarer, matkultur, matberedskap, foredling og tradisjonar blir formidla på ein enkel og engasjerande måte.

Fredag og laurdag blir det også øl- og sidersmaking med utvalde produsentar.

Storstogo servering

Storstogo servering med 500 sitjeplassar:

Wraps, pølse med brød, pølse med stappe, lapskaus, kjøttkaker med kålstuing, flesk og duppe med rotmos.

Alle rettar.

Øl- og siderbar

Fredag og laurdag

Øl- og siderbaren finn du inne i Storstogo servering. Her møter du norske produsentar som byr på handverksprodusert øl og sider, både med og utan alkohol. Baren gir publikum høve til å oppdage nye smakar, historier og tradisjonar frå norsk drikkeproduksjon.

Røros Bryggeri og Mineralvannfabrikk, Ekeby Gårdsbryggeri, Bygland Bryggeri, Lien Gård med sider og Egge gård med sider.

Sterke Nils-tunet og Ystebua

Årets satsing er gards- og setermjølk.

Her får publikum oppleve demonstrasjonar, smakingar og formidling som viser korleis mjølk blir til mat – frå råvare til ferdig produkt.

  • Flatbrødsoll med søt eller syrna mjølk. Mjølk fra Hagvoll Gård, Kragerø og potetflatbrød fra Stordalen Gardsbruk. Rabarbra- og jordbærsyltetøy og sukker. Allergener: gluten, konserveringsmiddel til syltetøy og laktose.
  • Iskrem fra Småbruket Moen, Tokke. Eggeplomme fra egen gård, råsukker, kufløte og kumjølk fra Rørosmeieriet. Allergener: egg og laktose.
  • Smaksprøver av mjølk frå ulike dyreslag. Opplev korleis mjølk frå ku, geit og sau har ulik smak og eigenskapar.

Åmotsdal Grendehus – Eldhuset

Åmotsdalsgraut frå Åmotsdal, pølse med brød, hamburger – med kjøt frå Åmotsdal.

Her finn du den tradisjonsrike Åmotsdal-grauten som mange meiner høyrer med når ein er på Dyrsku’n.

Dyrskuplassen

Hovudmatutsalet

Hamburger, bakt potet, grillpølse, wienerpølse, wienerpølse m/potetstappe, grillpølse m/potetstappe, karbonade m/potetstappe, potetstappe, lapskaus, rjomegraut, wienerbrød, baguett, kyllingwraps, vegan burrito, mineralvatn, kaffi.

Scene-kafé, Stuten kafé og Einarbui

Wienerpølse, wienerpølse m/potetstappe, karbonade m/potetstappe, potetstappe, lapskaus, rjomegraut, vaffel, wienerbrød, baguett, kyllingwraps, mineralvatn, kaffi.

Krubba, Oddebui, Gunnarbui og Stallen

Hamburger, pommes frites, wienerpølse, bakt potet, baguett, kyllingwraps, mineralvatn, kaffi.

Brennebui

Wienerpølse, kyllingwraps, vaffel, mineralvatn, kaffi.

Einarkiosk, Infokiosk og Portkiosk

Hamburger, pommes frites, wienerpølse, grillpølse, bakt potet, baguett, kyllingwraps, vaffel, mineralvatn, kaffi.

Telemark Bygdekvinnelag – 2. etg. Husdyrhallen

  • Dyrsku-lompe
  • Lappar/sveler med tilbehør
  • Grønsaksuppe med heimebaka flatbrød
  • Tilstørte bondepiker
  • Byggkrem med bringebærtopping

Velkomen til Dyrsku’n – nyt god mat med gode opplevingar!

 

Les meir om mat og drikke på Dyrsku’n.