Dyrsku'n 9.-11. september 2022

Klikk her for å kjøpe billetter

Telemarksfeet er opphavet til Dyrsku'n sidan 1866. Du kan framleis møte den vakre rasen på Dyrsku'n, her frå båsrekka i Fjoset

Fjoset

Fjoset er hjartet til Dyrskuplassen. Her starta det opphavelege Dyrsku’n, og delar av dei originale båsrekkene frå 1867 blir framleis bruka. 

Husdyrutstillinga på Dyrsku’n skjer i Fjoset. Tradisjonen tru er fredag sett av til ku og geit, mens det er dømming av hopper på laurdag og unghest på sundag.

Det er også mange andre programpostar frå Hovudscena i Fjoset, men dømming av ku og geit startar kl. 09.00. Deretter følgjer kalvemønstring, kumønstring og geitemønstring før det blir utstilling med avkomstgruppe ku. Til slutt kjem den gjeve premieutdelinga på husdyrutstillinga.

Det offisielle opningsprogrammet til Dyrsku’n skjer også på hovudscena i Fjoset. Her er det tradisjonelt debattar, kulturelt program og høgtideleg opning av den tradisjonsrike messa.

Sjå programmet for detaljera oversikt over dei ulike aktivitetane som skjer på Fjoset gjennom heile Dyrskuhelga.