Dyrsku'n 9.-11. september 2022

Klikk her for å kjøpe billetter

Demonstrasjon av handverksteknikkar på Dyrsku'n

Hall B

Husflidsutstillinga – tevling i handverk & design på Dyrsku’n

I Hall B finn du Husflidsutstillinga – tevling i handverk & design på Dyrsku’n som syner arbeid frå tevlinga, ei dagsaktuell særutstilling, eit utval gjesteutstillarar samt elev- og studentarbeid.

Saman med Norges Husflidslag og Vest-Telemark Museum arrangerer vi kvart år landets største tevling i husflid, handverk og design. Tevlinga starta i 1963, og heilt sidan da har fokuset vore på kvalitet og tradisjonelt handverk.

Bli betre kjent med husflid på Dyrsku’n.