Du finn trygg, norsk, lokalprodusera mat laga med kjærleik på Dyrsku'n.

Matkvartalet

Dyrsku’n er ein naturleg plass å fremme lokalmat, norsk tradisjonsmat og matkultur. Våre gjester får gode matopplevingar, og Dyrsku’n er med på å inspirere, engasjere og formidle kunnskap om mat.

Matkvartalet

I Lokalmat-teltet under Dyrsku’n i Seljord får du sjå – og smake – mangfaldet i kortreist, lokal mat frå heile landet.

Interessa for lokalprodusert mat er stor, men du treng slettes ikkje å reise land og strand rundt for å smake deg gjennom herleg lokalmat frå jord og fjord, skog og fjell. Det held med ein tur innom Lokalmat-teltet på Dyrskuplassen i Seljord. Her er heile landet representert, og du kan nyte alt frå fersk frukt og søte syltetøy til smakfulle ostar og saftige lefser.

Lokalmatprodusentar frå store delar av landet tilbyr sine flotte produkt.

Lokalmat-kjøkkenet i Lokalmat-teltet

I Lokalmat-kjøkkenet diskar dei opp med både matglede og mangfald, ærekjensle og formidling gjennom velsmakande lokalmat-pizza. På Lokalmat-kjøkkenet kan du sjå korleis dei italienske mestrane lagar pizza med råvarer frå lokalmatprodusentane i Matkvartalet.

Gjer deg klar for inspirasjon og fantastiske smakar!

 

TettPå Stor

3-retters gourmetmiddag – førehandsbestilling

TettPå Liten

Sidersmaking med lokalmat ved siderprodusentar frå Midt-Telemark

Eldhuset

I Eldhuset får du kjøpt den tradisjonsrike, smakfulle og heimelaga rjomegrauten frå Åmotsdal som for mange er ei obligatorisk oppleving på Dyrsku’n.

Steinomnen

Bakarar tryllar fram herleg bakst frå vår eigen bakaromn

Storstogo Servering med 600 sitteplassar

Heimelaga tradisjonsmat

Ølbar (fredag og laurdag)

Utvalde mikrobryggeri tilbyr sine produkt i kombinasjon med lokalmat