Barneskogen på Skogtunet

Skogtunet

Skogtunet er ei «grøn lunge» der du kan puste ut med ein kopp nykoka bålkaffi. Hos oss møter du bedrifter og organisasjonar innan skog og skogbruk.

Du kan delta i Skogløftet, delta i quiz med skogsryddesag som premie, «prøvekøyre» skogsmaskinar i simulator, eller diskutere bruk av skog og skogbruk med dei som jobbar med dette til dagleg. Alt dette medan ungane lagar fuglekasse, spikker, går natursti i Barneskogen eller prøvesit den 23 tonn tunge hogstmaskina på plassen.

Barneskogen på Skogtunet

Hos AT Skog kan du konkurrere i Skogløftet, ein uhøgtideleg konkurranse der du løfter manualer laga av trekubber frå ulike treslag! Samstundes presenterer vi 8 konkrete skogløfter frå skogæringa. Skogløftet var ein stor suksess på Arendaluka, og er sjølvsagt også tilstades på Noregs største landbruksmesse.

Emil Vasstrand testet hvor mange år han kunne løfte under skognæringens Skogløft på Arendalsuka. Nå får publikum på Dyrskun muligheten. Foto: Maren Rønning

Emil Vasstrand testet hvor mange år han kunne løfte under skognæringens Skogløft på Arendalsuka. Nå får publikum på Dyrskun muligheten. Foto: Maren Rønning

Skogkurs er ein viktig aktør innanfor opplæring og vidareutdanning av dei som jobbar med skog og utmark. Om du skal hogge ved til eige bruk, bør du som minimum ha opplæring i bruk av motorsag. Skogkurs held kurs over heile landet både for nybegynnarar og proffe, og held også nettkurs der det er tilstrekkeleg. Skogkurs held og minikurs i bruk og stell av motorsag alle dagar på Dyrskun.

Minikurs Bruk og stell av motorsag

Tid: fredag og laurdag kl. 11:00 og kl. 14:00, sundag kl 11.00.

Dyktige instruktørar frå Skogkurs gjer deg nyttige tips og sikker og effektiv bruk av motorsag. I tillegg får du ei innføring i nødvendig verneutstyr og vedlikehald av saga.

Velg Skog

Er du interessert i skog og natur, og nysgjerrig på ei naturfagleg utdanning? På Skogtunet kan du «prøvekøyre» ein skogsmaskin i maskinsimulatoren og snakke med elevar som har valt skogen og naturen som framtidig arbeidsplass. Nome VGS, avd Søve tilbyr vidaregåande utdanning, medan studenter frå NMBU på Ås kan gi gode råd om høgskule- og universitetsutdanning.

Skogselskapet er ein landomfattande organisasjon. Vi formidlar kunnskap om bruk av skog og skogbruk til alle, men er kanskje mest kjent for skoleskogdagar og naturstier rundt omkring i landet. Skogselskapet bidrar aktivt overfor næringen gjennom ei rekke tiltak og prosjekter, mellom anna JOB:U – eit sommarjobbtilbod for ungdom i skogen.

På Dyrskun stiller vi med mange aktivitetar: spikking, fuglekassebygging, natursti i Barneskogen og pedaldriven skogsmaskin! Kom innom og ta ein prat med oss!

Minikurs Skogpleie

Norgesplanter er ein av dei største produsentane av skogplanter i landet, og er hovudleverandør av planter til skogbruket i Agder, Vestfold og Buskerud. Norgesplanter har produksjon av gran- og furuplanter både på Gvarv i Telemark og i Hokksund i Buskerud. Kom innom oss på Skogtunet for å sjå skogplantene og lære meir om planting og foryngelse!

Universitetet i Sørøst-Norge (USN) er og på Skogtunet, og presenterer sine studier innen natur, helse og miljø i Bø. Møt våre studenter for å lære høyre meir om studentkvardagen deira!

Velkomen til Skogtunet!

Deltakarar:

  • Velg Skog
  • SKOGKURS
  • Nome VGS, avd. Søve
  • AT SKOG
  • Skogselskapet
  • Norgesplanter AS
  • Statsforvalteren i Vestfold og Telemark, Skogavd.
  • Komatsu Skogsmaskiner
  • Universitet i Sørøst-Noreg, Institutt for natur, helse og miljø