Frå auksjonen av kjøttfe på Dyrsku'n

Kjøttfe og TYR

Kjøttfe på Dyrsku’n finn du på standen til TYR, som er mellom Husdyrhallen og Sterke Nils-tunet.

På TYR sin stand kan du oppleve ulike kjøttferasar som finst i Noreg. I tillegg til dyr så møter du engasjerte storfekjøtprodusentar på standen.

På standen vil det i løpet av helga vere både moglegheiter for å sjå og lære om ulike kjøttferasar. Det blir digital auksjon av ein flott seminokse frå TYR, der vi har med oss Håkon Marius Kvæken som auksjonarius på scena i Fjoset – her blir det show! Det vil òg bli dyretemming av kjøttfe både laurdag og sundag. Vil du sjå korleis ein brukar hesten i arbeid med kjøttfe? Då er det berre å møte opp på TYR sin stand, der vi vil vise ulike greiner med kjøttfe og westernridning. Her blir det liv!

Storfekjøtproduksjon er diskutert både i forhold til klimautslepp og kosthald. Berre 3 % av Noreg har dyrkbart areal, og 67 % av dette arealet er ikkje eigna til anna enn dyrking av gras. Det vil seie at det ikkje kan brukast til dyrking av verken korn eller grønsaker. Beitedyr, som storfe, sau og geit, er difor vesentlege for å gjere om gras til protein som kan nyttast av menneske. Beitedyr som storfe, sau og geit bidreg til auka norsk sjølvforsyning, levande kulturlandskap, spreidd busetjing og eit landbruk over heile landet. Norsk storfekjøtproduksjon er berekraftig.

Kom innom standen for ein prat om norsk storfekjøtproduksjon.

Bli betre kjent med TYR her.