Tannhjul - alle må bidra for å halde maskineriet i gang.
Tannhjul - alle må bidra for å halde maskineriet i gang.

Frivillige

Vil du jobbe som frivillig i Dyrsku’n?

Kvifor bilde av eit tannhjul? Jo, fordi som frivillig i Dyrsku’n er du ein del av vertskapet for ein av Noregs største messer, og alle ledd er like viktig for å sikre gode opplevingar av besøket på Dyrsku’n. Vi legg stor vekt på at våre gjester alltid skal bli møtt av eit hjelpande og hyggeleg vertskap – anten dei søker informasjon eller har andre spørsmål.

Ynskjer du å vere med på morosame, hektiske og minneverdige Dyrsku-dagar? For deg som er blid, løysningsorientert, imøtekommande, flink til samhandling og taklar hektiske dagar er det mange  moglegheiter! Vi kan tilby eit spennande og varierande arbeidsmiljø og betaling pr. time du er på jobb.

Send oss ein e-post der du fortel litt om deg sjølv og kva du kan bidra med i Dyrsku-familien❤