Grupper på Dyrsku’n:
Seljord er ei vakker bygd som er trafikknutepunkt mot både Oslo, Bergen, Grenland og Torp. Til vanleg har bygda kring 3000 innbyggarar, men til Dyrsku’n kjem det kvar haust over 90.000 tilreisande som vil lukte, smake, handle og oppleve ei eventyrleg stemning. Marknaden er Noregs største handels-, mat- og landbruksmesse, og har vore arrangera kvart år sidan 1866 med unntak av 2020 og 2021. Dyrsku’n er ein spennande og fargerik marknad å besøke, med interesser for ein kvar smak.
På Dyrsku’n kan du skreddarsy opphaldet til gjestene dykkar etter kva dei er interessera i. Du kan sjå programmet for Dyrsku’n her og planlegge på førehand kva slags aktivitetar gruppa ynskjer å få med seg.
Transport og parkering
Kjem de med buss, har vi ein drop-off for gjestene i umiddelbar nærleik til Nordgardsporten, med coach-parkering 1 km vest for Dyrskuplassen. Her går det shuttlebussar fram og tilbake, om ikkje sjåføren ynskjer å strekke på beina den korte vegen fram og tilbake.

Billettar og vilkår
Ynskjer du å bestille inngangsbillettar til Dyrsku’n, og ordne overnatting sjølv? Kjøp gruppebillettar der du bestiller vanlege billettar (velg dagsbillettar). Hugs at de må vere over 20 betalande personar (vaksne) for å få gruppepris. Er det med born i gruppa så løyser dei billett på vanleg måte til ordinær pris, på nett eller i inngangsporten.
Vi ynskjer deg hjarteleg velkommen til Seljord og Dyrsku’n!