Handle trygg, norsk lokalmat på Dyrsku'n

Kvifor vere utstillar?

Datoen for Dyrsku’n i Seljord i 2023 er 8. – 10. september. Som møteplass, handelsplass, fesjå, fagleg arena og kulturformidlar har Dyrsku’n betydd mykje for tusenvis sidan oppstarten i 1866.

Kva er hemmelegheita? Den norske politikaren og programsekretæren for NRK, Stein Ørnhøi sa i 1994 at «Kanskje det rett og slett skyldes at Dyrsku’n er ekte? Dyrsku’n er et under, og dit drar alle».

I dag er marknaden landets største handels-, mat- og landbruksmesse, som årleg samlar over 90 000 gjester og 800 utstillarar dei tre dagane i september.

Vi er svært fornøgde med at utstillarar kjem tilbake år etter år. Det tek vi som eit teikn på at deltaking på Dyrsku’n lønner seg, og at det er ein triveleg stad å vere.

Kvifor vere utstillar på Dyrsku’n?

  • Møte og skape dialog med nye og eksisterande kundar
  • 85% fekk inngått dei avtalene dei ynskte under fjorårets marknad
  • 9 av 10 handlar på Dyrsku’ n
  • Over 80% av utstillarane kjem tilbake år etter år, og over 90% av utstillarane er fornøgd med gjennomføringa av arrangementet
  • Det vert omsett for over 500 millionar på Dyrskuplassen dei tre Dyrsku-dagane