Du finn trygg, norsk, lokalprodusera mat laga med kjærleik på Dyrsku'n.

Mat på Dyrskuplassen

På Dyrsku’n heng gode matlukter tungt over plassen, og du treng ikkje gå langt mellom kvar stad for å sjå, smake og oppleve ulike godsaker.

Det er lokalmat laga av trygge, norske råvarer – krydra med mykje kunnskap, stoltheit og lidenskap for faget.

Landbruk og mat går hand i hand på Dyrsku’n, og her kan du møte dyra, oppleve dyrking, sjå korleis maten blir til – og til slutt nyte smaken av ferdige rettar og lokalmat frå heile landet.

På Dyrsku’n finn du alt frå tradisjonsmat og lokale spesialitetar til nye smaksopplevingar, serveringsmat, aktivitetar og levande formidling.

Velkomen til Dyrsku’n – der du kan nyte god mat med gode opplevingar!

Matkvartalet

Mat- og Dyrketunet

Her kan du oppleve kvar maten kjem frå.

Mat- og Dyrketunet byr på over 80 dyrkekassar fylte med grønsaker, urter, blomar, frukt og korn – i tillegg til ein stor drivhustunnel med levande produksjon og aktivitetar.

Geitmyra Matkultursenter frå Tønsberg inviterer barn og unge inn i matens univers gjennom aktivitetar, dyrking, smaking og matglede.

Som tidlegare år finn du også fleire ulike serveringsaktørar i området, som byr på spennande rettar baserte på norske råvarer.

Steinomnen ved Eldhuset

Her blir det steikt ferskt brød og søt gjærbakst gjennom heile Dyrsku’n.

Den gode lukta av nysteikt bakst har gjort steinomnen til ein fast stoppestad for mange Dyrsku-gjester.

Lokalmat-teltet

Lokalmat-teltet er større enn nokon gong og byr på produsentar frå heile landet.

Nytt av året er ei større serveringssatsing med rundt 150 sitjeplassar inne i teltet og fleire ulike serveringstilbod, i tillegg til vårt eige Lokalmatkjøkken.

Lokalmatkjøkkenet

Inne i Lokalmat-teltet finn du Lokalmatkjøkkenet, som får nytt innhald i år gjennom eit samarbeid mellom Norges Bygdekvinnelag og elevar frå restaurant- og matfag ved Hjalmar Johansen vidaregåande skule i Skien.

Her møter tradisjon framtid gjennom levande matlaging, servering og formidling av norsk matkultur.

Her får du smake både tradisjonsrettar og nye rettar inspirerte av norsk mathandverk – tolka på ein ny, ung og kreativ måte.

Tett på MATEN

Nytt av året er Tett på MATEN – ein ny arena tett kopla saman med Lokalmat-teltet.

Her blir det foredrag, demonstrasjonar, korte kurs, smakingar og aktivitetar som inviterer publikum tettare på maten. Tema som råvarer, matkultur, matberedskap, foredling og tradisjonar blir formidla på ein enkel og engasjerande måte.

Fredag og laurdag blir det også øl- og sidersmaking med utvalde produsentar.

Sterke Nils-tunet og Ystebua

Årets satsing er gards- og setermjølk.

Her får publikum oppleve demonstrasjonar, smakingar og formidling som viser korleis mjølk blir til mat – frå råvare til ferdig produkt.

Øl- og siderbar

Fredag og laurdag

Øl- og siderbaren finn du inne i Storstogo servering. Her møter du norske produsentar som byr på handverksprodusert øl og sider, både med og utan alkohol. Baren gir publikum høve til å oppdage nye smakar, historier og tradisjonar frå norsk drikkeproduksjon.

Eldhuset

Heimelaga rjomegraut frå Åmotsdal, pølser, mineralvatn og kaffi.

Her finn du den tradisjonsrike Åmotsdal-grauten som mange meiner høyrer med når ein er på Dyrsku’n.

Storstogo servering

Storstogo servering med 500 sitjeplassar:

Kjøtkaker med kålstuing, flesk og duppe, lapskaus, pølse med stappe, pølse i brød, wraps, mineralvatn og kaffi.

Alle rettar.

Dyrskuplassen

Hovudmatutsalet

Hamburger, karbonadar/pølser i potetstappe, wienerpølse, grillpølse, lapskaus, rjomegraut, wienerbrød, baguettar, kyllingwraps, baka potet, vegansk burrito, mineralvatn og kaffi.

Scene-kafeen, Stuten kafe og Einarbui

Wienerpølse, karbonadar/wienerpølse i potetstappe, lapskaus, rjomegraut, baguettar, wienerbrød, vaflar, kyllingwraps, mineralvatn og kaffi.

Krubba, Oddebui, Gunnarbui og Stallen

Hamburger, pommes frites, baka potet, wienerpølse, baguettar, kyllingwraps, mineralvatn og kaffi.

Brenne

Wienerpølse, vaffel, kyllingwraps, mineralvatn og kaffi.

Einarkiosken, Infokiosken og Portkiosken

Hamburger, pommes frites, baka potet, wiener- og grillpølse, baguett, vaflar, kyllingwraps, mineralvatn og kaffi.

Ystebua – Sterke Nils-tunet

Sal av ulike mjølkebaserte smårettar, smaksopplevingar og produkt med fokus på gards- og setermjølk.

Bygdekvinnelaget – Husdyrhallen

Dyrsku-lompe, lappar/sveler med tilbehøyr, grønsaksuppe med heimebakt flatbrød, tilslørte bondepiker, byggkrem med bringebærtopping.

Laurdag: Tradisjonsmiddag frå Heddal i Telemark – salta kjøt av svin og lam i kål med rotgrønsaker, kokte poteter og sjysaus. Bestill middag/bord på telefon 918 34 903.

Velkomen til Dyrsku’n – nyt god mat med gode opplevingar!

 

Les meir om mat og drikke på Dyrsku’n.