Open søknad

På Dyrskuplassen har vi fleire store arrangement gjennom sommarhalvåret.

Vil du jobbe saman med oss?

Open søknad

Til våre største arrangement på Dyrskuplassen ser vi etter fleire dyktige medarbeidarar.

Seljordfestivalen (veke 27), Countryfestivalen (veke 30) og Dyrsku’n (startar alltid 2. fredagen i september) er alle arrangement som årleg får besøk av tusenvis av gjester. Under desse arrangementa har vi ei rekke ulike oppgåver du kan jobbe med.

Ynskjer du å vere med på morosame, hektiske og minneverdige festivaldagar? Er du ein engasjert, positiv, nysgjerrig og serviceinnstilt person som likar å skape noko saman med andre, høyrer vi gjerne frå deg.

Vi kan tilby eit spennande og variert arbeidsmiljø og betaling pr. time du er på jobb.

Send oss ein e-post der du fortel om deg sjølv, tidlegare erfaringar og kva du kan bidra med.

 

For nærare informasjon, ta kontakt med:

Festivalleiar Seljordfestivalen & Countryfestivalen / Sals- og marknadsleiar Dyrsku’n Arrangement AS

Yvonne Eilefstjønn mobil 92 45 63 74