Dyrsku'n 9.-11. september 2022

Klikk her for å kjøpe billetter

Registrer ledig overnatting til Dyrsku'n
Registrer ledig overnatting til Dyrsku'n
For gjester

Har du ledig overnatting under Dyrsku’n?

Marknadsundersøkingar viser at 50% av gjestene på Dyrsku’n overnattar i samband med besøket sitt. Regionen har fullt av overnattingsmoglegheiter, hjelp gjestene til å lett kunne finne dei!

Her kan du, både som profesjonell og privat aktør, registrere deg på oversikta over ledig overnatting under Dyrsku’n.

Å registrere seg er gratis, det einaste vi ber om er at du held oppføringa di oppdatera når du får leigd ut husværet ditt.

Veit du om nokre andre som vurderer å leige ut sine private hus eller hytter? Tips dei gjerne om moglegheita til å registrere seg her!

Registrer ledig overnatting til Dyrsku’n

Gå inn på lenka https://kart.dyrsku.no/ 

  • For å logge deg inn må du bruke Vipps. Skriv inn mobilnummeret ditt, og følg instruksane på mobilen din.
  • Skal du registrere oppføringa for ei bedrift? Du må bruke din private Vipps til å logge deg inn, men du kan registrere resten av opplysingane på vegne av bedrifta di.
  • På det fyrste bildet etter innlogging må du sette nåla på riktig stad på kartet. Dette vil bli kontrollera før oppføringa di blir gjort synleg på overnattingsoversikta.
  • Deretter kjem du inn på ei ny side, der du fyller ut punkta som best beskriver oppføringa di
  • Huk av for kva du best kan kjennast att som; Hotell, hytte, leilegheit osb.
  • På «Framsidetekst» skriv du ein kort tekst om kva du kan tilby, maks 250 ord.
  • På «Meir info» kan du skrive inn ein lengre tekst, men her ynskjer vi at du fyller inn fasilitetar,  m.a. pris, antal sengeplassar, sengetøy, sluttvask, kokemoglegheiter osb.
  • Last gjerne opp fleire bilde, gjesten vil ha eit visuelt inntrykk av kva h*n skal leige. Hugs å trykk «Lagre» innimellom😊
  • Når du er fornøgd med alle opplysningane, trykk fyrst «Lagre» og deretter «Publiser«, så kjem oppføringa tilbake til Dyrsku’n for godkjenning. Vi kvalitetssjekkar innhaldet før den blir synleg ut på oversikta for gjesten.

 

  • Har du fått leigd ut? Logg deg inn på oppføringa og oppdater tekstfeltet «Fullt?». Her kan du og til dømes skrive «Utlegd Dyrsku’n 2022» eller «Hotell fullt, leilegheiter ledige». Dersom du ikkje endrar status på oppføringa, vil du kunne fortsette å få telefonar – og gjestene kan «rapportere» via e-post om at oppføringa inneheld feil. Då får både du og Dyrsku’n ein e-post som minner oss på å endre status til FULLT.

 

Takk for at du registrerer deg på overnattingsoversikta!

Kontakt oss gjerne på sentralbordet telefon 35 06 57 70 eller post@dyrskun.no ved spørsmål.