Husflidstevlinga på Dyrsku'n er Noregs største tevling i husflid, handverk og design

Rettleiing til påmelding husflidstevlinga

Her finn du rettleiing og reglement for Husflidstevlinga på Dyrsku’n.

Fyll inn påmelding til Husflidstevlinga – tevling i handverk & design innan 10. august 

 

Nasjonal tevling i husflid, handverk og design har mål om å synleggjere og styrke husflid, handverk og design for eit stort publikum. Det oppmuntrast til bruk av miljøvenlege, etiske og kortreiste materialar.

REGLEMENT

  1. Arbeidet må meldast på av utøvaren. Medprodusentar skal dokumenterast med namn og rolle, og kan meldast på separat.
  2. Arbeidet må vere ferdigstilt i 2025–2026 og halde høg kvalitet.
  3. Eitt arbeid kan berre delta i éi klasse.
  4. Eitt arbeid kan berre delta i tevlinga éin gong.
  5. Maks tre arbeid per klasse per deltakar. Klassar med færre enn tre deltakarar vert avlyste.
  6. Alle deltakarar må dokumentere prosessen med tekst, skisser og/eller foto.
    – Rekruttklassa skal oppgie rettleiars rolle og bidrag.
    – I open klasse og formgjevingsklasse må utøvar stå for heile prosessen frå idé til ferdig produkt.
    – Tradisjonstekstil krev eigen dokumentasjon av bakgrunn, mønster og inspirasjon.
    – I eggverktøyklassa må eitt knivblad sendast inn til knekking.
  7. Dømminga er endeleg og kan ikkje klagast på, bortsett frå ved tekniske feil.
    – Eventuelle saker om dømming skal sendast til husflidsutstilling@vtm.no
    – Omtale av tevlinga skal vere sakleg og respektfull.
    – Alle involverte skal vise gjensidig respekt.
  8. Brot på reglementet kan føre til diskvalifisering eller utestenging.

Anna viktig informasjon

Vi ynskjer å gjere deltakarar merksame på at produkta ikkje tevlar direkte mot kvarandre. Ved dømming av produkta kan det likevel oppstå eit element av samanlikning med omsyn til nivå på premiegrad.

Dommargruppa har eigen sekretær og kan bestå av ulike personar frå år til år. Gruppa har avgrensa tid per arbeid og gjer sitt ytste for rettvis dømming. Norges Husflidslag har øvste fagansvar for tevlinga og jobbar for å dekke både fagleg tyngde og breidde blant dommarane.

Påmelding: Endeleg innleverings- og påmeldingsfrist er fredag 10. august 2026. Gjenstandar som kjem til Dyrsku’n Arrangement AS etter dette vert ikkje med i tevlinga med mindre anna er avtala. Alle tevlingsdeltakarar får gratis dagbillett til valfri dag.

Delta på premieutdeling: Vi oppmodar alle deltakarar til å delta på den høgtidelege pris- og premieutdeling på Dyrsku’n sundag 13. september i TettPå Stor arena ved hovudinngangen til Dyrskuplassen. Det vil bli utdeling av premiar, stipend og prisar i lag med musikalske innslag.

Henting av gjenstander
Sundag 13.9 mellom 17:00 – 20:00
Måndag 14.9 mellom 10:00 – 17:00

Praktiske spørsmål kring levering og utfylling, ta kontakt med:
Dyrsku’n Arrangement AS
Vest-Telemark Museum | husflidsutstillinga@vtm.no

 

KATEGORIAR MED KLASSER OG UNDERGRUPPER

Tre
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse

Tekstil
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, tradisjonstekstil, open klasse

Sylv
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse

Keramikk
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse

Smiing
Klasser: Rekrutt, eggverktøy/verktøy, Kunstsmiing/ eksperimentell form, knivblad, open klasse

Rosemåling
Klasser: Rekrutt, tradisjonell rosemåling, lasering/ dekormåling og open klasse

Kniv
Klasser: Rekrutt, staskniv, brukskniv, påkosta brukskniv, open klasse

Praktisk informasjon

Deltakaravgift: 370,- (inkluderer dagbillett på 260 kr).

Innlevering: Arbeid kan sendast til eller leverast i Seljord (sjå kontaktinformasjon under).

Forsikring: Mottatte produkt i Nordbygdivegen 60 er forsikra av arrangør.

Utstilling: Arbeid i tevling stillast ut under Husflidsutstillinga i eigna omgjevnader.

Marknadsføring: Bilete av arbeida kan brukast i marknadsføringssamanheng.

Påmelding og Levering

  • Skjema: Eit skjema per arbeid. Oppgi kategori, klasse og teknikk.
  • Frist: 10. august 2026.
  • Levering: Arbeid kan leverast personleg eller sendast som Norgespakke. Sjå adresse nederst.
  • Premieutdeling: 13. september i Stor-Teltet ved hovudinngangen. Utdeling av premiar og stipend med musikalske innslag.

Dommarprosess

Produkta dømmast individuelt og vurderast etter klassekriterium. Form, funksjon og teknikk vil bli vektlagt, alt etter kva klasse det leverast i. Norges Husflidslag har fagansvar for tevlinga og dommarar med brei fagkompetanse blir brukt.

Arbeid som deltek på tevlinga stillast ut i den årlege husflidsutstillinga.

 

Kontakt oss for meir informasjon

Post og besøksadresse: Dyrsku’n AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord
Telefon, Sentralbord: 35 06 57 70

E-post prosjektleiar: husflidsutstillinga@vtm.no

Utfylling av påmeldingsskjema

Treng du rettleiing til korleis utfylle påmeldingskjema? Sjå nedst i påmeldingsskjema eller ta kontakt med oss.