Tryggleik i høgsete på Dyrskuplassen

Det vart både røyk og flammar då brannvesenet denne veka gjennomførte ei realistisk brannøving på Dyrskuplassen. Under øvinga vart campingvogner tende på for å vise kor raskt ein brann kan utvikle seg i eit tett campingmiljø.

06.05.2025
Brannøvelse på Dyrskuplassen

Campingvogner i full fyr viste alvoret

– Vi ønskjer å synleggjere kor avgjerande dei første minutta er. Tidleg varsling og rask innsats kan redde liv og avgrense skadeomfanget, seier innsatsleiar Trond Johnsen frå brannvesenet. Korleis vognene blir plassert og avstand mellom desse er også sentralt for korleis ein brann kan utvikle seg, og det er difor stort fokus på dette hjå administrasjon og etatar.

Dyrskuplassen hadde invitert med tilsette, samarbeidspartnarar og naboar til å delta i øvinga. Føremålet var å styrke samhandlinga og auke medvitet om branntryggleik for alle som oppheld seg på området.

– Vi har eit svært godt samarbeid med dei ulike etatane, og det gir tryggleik. Samstundes er god og tydeleg kommunikasjon med gjestene våre heilt essensiell – både i det førebyggjande arbeidet og dersom noko skulle skje, seier Geir Helge Espedalen, administrerande direktør på Dyrskuplassen.

Dyrskuplassen brukar kvart år store ressursar på å sikre trygge opplevingar for dei tusenvis av menneska som besøker oss. Øvingar som denne er ein viktig del av førebuingane til Dyrsku’n og andre arrangement.

Brannøvinga vart gjennomført i tett samarbeid med brannvesenet, og med høgt fokus på tryggleik for både mannskap og publikum.

Brannøvelse på Dyrskuplassen

Brannøving på Dyrskuplassen.