Velkomen til barnas Dyrsku’n

Det er morosamt å vere barn på Dyrsku’n! Vi tilbyr eit vell av aktivitetar for både store og små. Kva med ponniriding, handverksaktivitetar, bli viking for ein dag og Tivoli?

På Dyrsku’n kan du velje og vrake i aktivitetar!

Sjå alle aktivitetar på Dyrsku’n 2025.

Ponniriding og hest

Kroken Aktivitetsstall inviterer til ponniriding på Ridebanen ved Husdyrhallen. I Fjoset kan du testa travsimulatoren som Det Norske Travselskap har med seg.

Ponnniridning på Dyrsku'n

På Ridebanen kan du ri ponniar under Dyrsku’n

Lær om skogen

På Skogtunet, Dyrskuplassens grøne lunge, kan du lære deg spikking, spikre fuglekasser og prøvesitje både hogstmaskin og minilassberar. Skogens brannvoktere kjem, og her kan borna lære meir om korleis dei kan hjelpe dei vaksne med å førebygga skogbrann. For å bli ein Skogens brannvokter må ungane kunne gje att tre enkle slagord.

Minikurs Skogpleie

Geitmyra Matkultursenter

I lokalmatarenaen (Dalane skule) er det matskule for born med Geitmyra Matkultursenter:

  • Eta og lære om plantedelar: Her skal barn lære om ulike plantedelar og smake seg gjennom grønsaker fra rot til blom og frø. Barna går inn i den grøne portalen der dei møter eit mangfald av frukt og grønt, og får ta på, føle, sjå og lukte. Barna plukkar sin eigen “bukett” av gode smaksprøver undervegs
  • Frøbombe: Lage frøbomber med blomstrande frø med pollen og nektar som humler, bier og andre insekt treng for å overleve. I frøbombene  blandar vi like delar med leire og jord, tilsett litt vatn for å få den fuktig. Deretter formar vi små “golfballar” og rullar dei i bærblandinga og knar den, slik at frøa sit godt fast. Bie-blanding lager dei sjølv ved å blande frø som biene er glad i, for eksempel bogkveite, kornblom, ringblom, agurkurt, dill, koriander og honningurt.  Frøbombene blir tatt med heim, tørka og lagra gjennom vinteren. Til  våren finn dei ein plass der dei vil ha fine blomar, og kastar frøbomba ut på plassen.
  • Kutting og woking av grønnsaker: Det er mange ulike grønsaker ein kan ete, og ein fin måte å tilføre nye smaker til barn og unge.

Smak, spel, mjølk og småkryp – Vitenparken på Dyrsku’n!

Velkommen til Vitenparken Campus Ås på hjørnet av Matkvartalet – lett å finne frå “gøto”! Her kan du bli med på spennande aktivitetar som set mat, miljø og framtid på dagsordenen.

Prøv Melkerobot-spelet, der du styrer alt kua treng for å lage mest mogleg mjølk – mat, vatn og stimuli. Du kan òg vere med på Matvalet, ei oppleving der vi smakar på smarte og berekraftige matvarer, utforskar korleis maten vår påverkar framtida, og utviklar eigne matkonsept. Til slutt stemmer vi fram det beste matvalet!
I Insektsbingo lærer du korleis små insekt gjer stor forskjell i matproduksjon. Vi testar skadedyr og nyttedyr, ser på naturens samspel og finn ut om insekta kan vere ein del av ei meir berekraftig verd.
Vitenparken kjem frå Ås, der dei jobbar med å formidle kunnskap om mat, miljø og forsking på ein engasjerande måte. Saman med Dyrsku’n vil dei inspirere både store og små til å ta kloke matval for framtida. Dette er ein viktig del av satsinga på kunnskap og berekraft i landbruket – midt i hjarta av folkefesten i Seljord.
Ta turen innom – her blir du både klokare og meir nysgjerrig på framtidas mat!

Bli viking for éin dag

Nysgjerrig på korleis vikingane levde? I vikingleiren med Olavs menn finn du ei rekke spennande aktivitetar for små og store. Prøv deg på bogeskyting, fekting med skumvåpen, runerissing og hesteskokasting, eller prøvesit høvdingstolen med vikinghjelp eller krone på hovudet. Leiren har eit historisk autentisk grindverksbygg, fleire vikingtelt og ei lite utstilling av vikingvåpen og -utstyr. Ein eller fleire smedar blir å finne i sving ved ambolten, og du er
hjarteleg velkommen til å slå av ein prat med vikingane om alt som har med vikingtida å gjere.

Sov som ei ku og sjå inni ein ekte kumage

I Fjoset kan du klappa og leia ein kalv eller smake iskald mjølk frå dispenser. I tillegg blir det høve til å teste korleis det er å sove som ei ku på ein mjuk og god madrass. Mange born har fått med seg at kua har fire magar, men dei færraste har sett ein kumage med eigne auge, slik det blir mogleg å gjere på Dyrsku’n i år.

Telemarksfeet er opphavet til Dyrsku'n sidan 1866. Du kan framleis møte den vakre rasen på Dyrsku'n

Foto: Dyrsku’n/Mona B. Kasin

Eplepressing og ansiktsmåling med 4H

På det gamle gardstunet Sterke Nils-tunet kan du følgje maten frå garden til bordet. 4H Telemark inviterer små og store til eplepressing, røyking av fisk og plantefarging, og dei byr også på ansiktsmåling. KraftUll skal klippe sau med handsaks og spinne på tein rett frå fjellet, så her blir det mogleg å sjå og kjenne på ull rett frå sauen.

  • Andre aktivitetar på Sterke Nils-tunet:
  • Kinning av smør (også på Barnas
    Bondegard)
  • Smiing med Tidlig krøkast
  • Prøv å dra ein slipestein
  • Sjå ein hovslagar ta på hesten sko
  • Mjølking av geit og ku

Bli kjend med dyra og Bamsesjukehus

Barnas Bondegård er ein oase for ungane, kor dei får komme tett på dyr som høne, gris, kalv og sau. Plassen er inngjerda, så ungane kan leike fritt mens foreldra nyt ein pust i bakken.
Elevar frå Nome vidaregåande skule, avdeling Søve visar mellom anna stell av dyr, klekking av kyllingar – og kaninhopping, i samarbeid med Norges Kaninhopperes Landsforbund.

På Bamsesjukehuset gjev elevane kosebamsar ein full helsesjekk, med vaksinar, bandasjering og liknande etter behov. Vel deg ein bamse du får ta med deg heim, med helseattest. Eller du kan prøva deg som steinleggjar i lag med anleggsgartnarelevane
i den store sandkassa, køyre tråtraktor på bane og kinna smør med ei gamal kinne – og sjølvsagt er det lov å smake!

Quiz og natursti fleire stader

Test kva du kan eller lær noko nytt om mellom anna skog, landbruk, dyr, mat, husflid og handverk. Det blir quiz/natursti både på Sterke Nils-tunet, Skogtunet og i mellombygget mellom Hall A og Hall B.

Syng og dans med Bjørnis eller Klara frå Kutoppen

Barnas favoritt og Noregs viktigaste bamse, Brannbamsen Bjørnis, tek turen til Seljord. Gjennom heile helga blir det mogleg å lære meir om Brannbamsen Bjørnis på Verisure-standen. Her blir det det også sal av Bjørnis-effektar. Sundagen blir det to show med den lodne brannkonstabelen i TettPå Stor, med både song og dans. Her er det berre å hive seg med – kanskje kan du nokon av songane frå før?

Apropos show: Kutoppen kjem med ein utvida variant av forestillinga deira frå Dyreparken i Kristansand. Møt Klara, Moks, Chickolina, Gaute og dei andre.

Tivoli med pariserhjul

Lunds tivoli kjem som vanleg til Dyrskuplassen med alt dei har av attraksjonar for heile familien, frå småborna til dei større og meir adrenalinsøkande. Pariserhjulet «Opera» er 45 meter høgt og Nord-Europas største – eit høgdepunkt for mange. Om du ynskjer meir fart, kan du prøva «Go2Gate», som sender deg 40 meter opp i bakken i 120 kilometer timen. Det blir sjølvsagt også både flygande elefantar og Nordens største morohus. På «New York Grand Central Terminal»-bana kan du køyre klassiske gule taxi-radiobilar, og vil du heller snurra fort rundt og rundt, er kanskje karusellen «Fireball» noko for deg. Spenn fast setebelta, no køyr vi!

Familieoppleving på Dyrsku’n

Husdyr er ein stor del av sjela til Dyrsku’n, og dyras rolle i norsk landbrukshistorie står i sentrum for mange av aktivitetane på messa. Her kan store og små helse på dyr i ulike situasjonar – på Sterke Nils-tunet, i Husdyrhallen, på Ridebanen eller i Fjoset.

Vi på Dyrsku’n ynskjer alle familiar velkommen til å lære meir om kvar maten vår kjem frå, og kor avgjerande dyra har vore for norsk landbruk. Er du fortsatt usikker på bandet mellom Dyrsku’n og dyr? For å stoppe ein kvar tvil om relasjonen – sjølvaste dronninga av Dyrsku’n er ei ku!

Sjekk programmet, så er du trygg på at du får med deg alt.

Dyrsku’n vil ta godt vare på dei minste gjestene våre, og har lagt til rette for dette på Dyrskuplassen.

Stellerom finn du på dei største toalettbygga, ammerom finn du i 2. etasje på Husdyrhallen.

Gjer deg godt kjent med kartet før du kjem, så slepp du å leite når behovet melder seg.

Åpne på egen side

Da kan du gå til informasjonen, som er møteplassen om man mistar dei vaksne man kom saman med.

Her vil vi hjelpe deg med å få tak i dei vaksne.

Åpne på egen side

Ja det er det, Dyrsku’n byr på mykje moro for born.

Det er morosamt å vera born på Dyrsku’n!

Her finner du oversikt over aktivitetar for både store og små.

Åpne på egen side

Noregs største tivoli, Lunds Tivoli kjem attende med karusellane sine. Her blir det garantert fart og moro!

Åpne på egen side