JUBILEET ER EI PÅMINNING om kor viktig det er å ta vare på røtene våre, samstundes som vi møter framtida med openheit og vilje til utvikling. Verda rundt oss har endra seg mykje sidan 1866, men nokre verdiar står fast. Mat kjem ikkje av seg sjølv. Den blir skapt gjennom kunnskap, hardt arbeid og eit landbruk som har føresetnader for å produsere mat også i morgon.
DIFOR ER MATBEREDSKAP meir aktuelt enn på lenge. Uro i verda, klimaendringar og usikre forsyningsliner minner oss om kor avgjerande det er å kunne produsere mat i eige land. Under årets Dyrsku blir dette løfta fram på fleire arenaer. Dyrskukonferansen fredag klokka 13 set matberedskap på dagsorden, konferansen blir streama på den nye foredragsarenaen TettPå Maten i Lokalmatarenaen. Når fagfolk, næring og styresmakter møtest til samtale, er målet ikkje berre å peike på utfordringane, men å finne løysingar som styrkjer norsk matproduksjon og beredskap.
SAMTIDIG ER DYRSKU’N først og fremst ein møtestad. Våre mange utstillarar, samarbeidspartnarar, frivillige og ikkje minst alle gjestene er sjølve grunnlaget for Dyrsku’n. Det er dei som fyller området med liv, kunnskap og gode opplevingar. Programmet speglar breidda i det Dyrsku’n har vore – og framleis er. I Lokalmatarenaen opnar vi Dyrketunet, der vi ønskjer å gje endå fleire eit nærare forhold til dyrking og norsk frukt og grønt. På Fjoset finn du den tradisjonsrike husdyrutstillinga og husdyrdømminga, som har vore sjølve ryggrada i Dyrsku’n sidan 1866. På TYR si nye arena blir det demonstrasjonar av westernridning, hesten som reiskap i sanking av buskap og oppvising i gjetarhund frå Norsk Sau og Geit. Rundt om på området ventar òg kulturinnslag, husflidsutstilling, maskiner, tivoli og ei rekkje opplevingar som viser kor mangfaldig Dyrsku’n er – og kvifor han framleis er ein møteplass for heile familien.
NÅR VI NO FEIRAR 160 ÅR, feirar vi ikkje berre historia. Vi feirar alle som har vore med på å byggje Dyrsku’n gjennom generasjonar, og dei som er med og formar han i dag. Saman tek vi vare på tradisjonane, skaper nye møteplassar og legg grunnlaget for framtida.
Vi ønskjer dykk alle hjarteleg velkomne til Jubileumsdyrsku’n!
OM DYRSKU’N
- Arrangera årleg sidan 1866
- 800 utstillarar
- 90.000 besøkande frå heile landet
- 170 dekar stort utstillingsområde
- Omsetjing blant utstillarane på cirka 500 millionar
- Aktivitetar og tilbod innan landbruk, husdyr, mat, husflid, anlegg, kultur, foredrag og debattar
- Lunds tivoli, Nordens største tivoli, er årleg på plassen
- Genererer inntekter på 10 millionar til lag og foreiningar
- Eit stort antal skuleklassar besøker messa kvart år
- Besøkande i alle aldrar, med aktivitetar for heile familien