Heimelaga mat laga med kjærleik på Dyrsku'n

Storstogo servering

Kjærleik til maten og gode råvarer er grunnleggande for alle rettane i Storstogo servering under Dyrsku’n.

Storstogo servering

Storstogo servering byr på god heimelaga tradisjonsmat og drikke, servert av NKL Vestfold. Når erfarne fagfolk står bak serveringa, får publikum ikkje berre god mat, men også ei oppleving prega av kvalitet, handverk og respekt for norske mattradisjonar.

Her finn du kjende favorittar og god stemning – akkurat slik mange Dyrsku-gjester kjenner Storstogo frå før.

Øl- og siderbar

Øl- og siderbaren finn du inne i Storstogo servering. Her møter du norske produsentar som byr på handverksprodusert øl og sider, både med og utan alkohol. Baren gir publikum høve til å oppdage nye smakar, historier og tradisjonar frå norsk drikkeproduksjon.

Norsk kjøtt på Dyrsku’n

Alle råvarene er norske og kjøttet kjem frå Gilde. Det gjer også dei mange kilometrane med pølser og tonn med hamburgarar som vert selt på messa. Dyrsku’n er stolte over å ha eit godt samarbeid med Gilde, som leverer prima norske kjøttvarer til gjestene. Det er ei forsikring om at dei blir servert det aller beste!

Dyrsku-kokkane ynskjer hjarteleg velkommen til velsmakande, heimelaga mat heile helga!

Mat til folkefesten

– Me har utvida mattilbodet i Storstogo med wraps, i tillegg til folkefavorittane flesk og duppe, kjøtkaker, lapskaus og pølse med stappe som er faste travarar på menyen, seier Trine Thorsell, serveringsansvarleg for Dyrsku’n.

Dei som har vore på Dyrsku’n tidlegare veit at i Storstogo er det fullt trykk frå fredag til sundag. Her er det mange sitjeplassar under tak, og i løpet av dei tre dagane vert det selt store mengdar mat. For å forsyne folket med mat har Thorsell med seg son sin, Sondre Vik, som er kokk og butikkslaktar.

Karnevalet i Rio

– Dyrsku’n er det næraste Telemark kjem karnevalet i Rio! Det er så moro å sjå korleis dei klarar å trekkje folk frå både Austlandet og Vestlandet hit til Seljord. For ein flott folkefest, seier Sondre!

– Me er klare og gler oss til å jobbe saman med det velsmurte maskineriet på Dyrsku’n. Det er så dyktige folk som står bak heile arrangementet og legg til rette for at me også kan gjere ein god jobb, seier Thorsell.

Utvida tilbod til utstillarane

Utstillarane må ha mat på Dyrsku’n. Det vert lange dagar for dei som står på stand, og då er det godt å kunne få seg eit skikkeleg måltid – anten det er frukost, lunsj eller middag.

– Me vil servere flesk og duppe og kjøtkaker med kålstuing til middag, i tillegg til lapskaus, pølse og wraps, seier Vik. Det vert også eit større utval av bagettar og noe søtt til kaffen. Til frukosten vil det bli tilbod om både yoghurt, frukt og kornalternativ. Og for dei som sverger til egg og bacon, forsikrar han at dette ikkje forsvinn frå menyen.

Sjå menyar for Dyrsku’n.