Parkering på Dyrsku’n
Hugs betaling for parkering! (Vipps og/eller kontant.) Pris kr. 100,- pr. bil og dag i nærområdene til Dyrskuplassen, dette kan avvike noe.
Følg tilvisning frå parkeringsvakter og politi for sist oppdatert informasjon. Følg ellers skilting mot Dyrskuplassen.
Dei aller næraste jorda blir fylt opp i løpet av formiddagen, men nokre tips får du her;
Kjem du frå Skien/Bø så køyr vestsida av Seljordsvatnet (Garvikstrondi). Då kan du parkere der vegen møter E134, der er det bare 400 meter å gå til Tivoliporten. Då slepp du også å køyre i kø gjennom Seljord sentrum når du skal heim igjen, og du kjem deg raskt både til aust og vest.
Eit anna råd ved tett trafikk er å køyre vestover på E134 og ta inn mot Dyrskuplassen i Nordbygdi, der er det som regel ikkje like mykje trafikk. Når den næraste parkeringa er fylt opp, sett vi opp shuttlebussar til parkeringsplassane som ligg lengst vekk frå Dyrskuplassen.