Vi er svært glade for den interessa som husdyrhaldarar syner ved å vise fram gode dyr og slik slutte opp om Dyrsku’n.
Påmeldingsfrist er 26. juli.
KU
Vel éin kategori: gardsdømming eller Dyrskudømming.
Du kan melde på inntil tre dyr frå eiga besetning.
1. Gardsdømming / vandreutstilling
- Dommarar og rådgjevarar kjem til garden og gjennomfører dømminga i løpet av august.
- Inntil 30 deltakarar kan delta med NRF og andre mjølkerasar.
- Inntil 30 deltakarar kan delta med bevaringsverdige rasar.
- Den beste kua frå kvar besetning blir vist på storskjerm under Dyrsku’n.
- Premiar: Det blir delt ut éin 1. premie per bruk i sølv. Det er inga premiering utover dette.
2. Dyrskudømming
- Dommarar og rådgjevarar dømmer dyra på Dyrskuplassen, medan du som eigar presenterer dyret.
- Premiar: Det blir delt ut sølv for 1. og 2. premie til alle dyr som oppnår dette.
Påmelding Husdyrutstillinga 2026