Årleg handverksutstilling i Gongestogo på Dyrsku'n

Gongestogo

Under Dyrsku’n er det årleg ei historisk handverksutstilling i Gongestogo i regi aVest-Telemark Museum.

Bygdekunstnaren Hølje Nirison Gonge (1819-1889) budde i Gongestogo, som den gang var plassera på husmannsplassen Gonge på Seljordshei. Han tilbrakte heile livet sitt sittande i ein kubbestol både dag og natt, etter å ha pådrege seg lammelsar og ein lungeskade som 10-åring. Sjølv om han aldri kom seg ut av stoga, hadde han eit makalaust talent som sendte treskurden hans ut i verda. Den vart utstilt både i Kristiania og på verdsutstillinga i London i 1851. Den 3.etasjes tina fekk 2. premie i London.  Til tross for at han var lenka til stolen klarte han å skape seg eit levebrød som treskjerar.

I 1997 vart stogo restaurera og flytt til Dyrskuplassen.

Under Dyrsku’n er det årleg i regi av Vest-Telemark Museum ei historisk handverksutstilling i stogo.