collage Tett på landbruket

TettPå Landbruket

Under paraplyen TettPå landbruket skal både innvigde og uinnvigde få betre kjennskap til landbruket gjennom debattar, faglege foredrag, informasjon og demonstrasjonar.

Den landbruksfaglege satsinga skjer på to ulike arenaer:

Husdyrhallen og TettPå Landbruket-teltet.

 

Husdyrhallen

I tillegg til utearealet, har vi eit inneareal i 2. etasje på Husdyrhallen som nyttast av Bygdekvinnelaget.

I 1. etasje finn du dei vanlegaste husdyra i Noreg utstilt, saman med representantar frå ulike organisasjonar og bedrifter.

 

TettPå landbruket foredragstelt

Teltet finn du midt mellom Husdyrhallen og inngangen til Fjoset.
Sjå årets foredrag og debattar i TettPå landbruket-teltet på våre programsider.