Smiing på Sterke Nils-tunet under Dyrsku'n

Sterke Nils-tunet

I det gamle gardstunet på Sterke Nils-tunet går du tilbake i tida, og på Dyrsku’n kan du møte dei vanlegaste av dei gamle husdyra våre her. 

I Fjoset finn du Telemarkskyr på dei gamle trebåsane, her blir dei fóra og mjølka på gamalt vis, mjølka blir separera og deretter sendt til Ystebua for kinning og ysting. På Sterke Nils-tunet kan ein følgje produksjonen frå fjøs til bord, og smake på nykinna smør og ny-ysta ost av beste kvalitet.

I stallen på Sterke Nils-tunet finn du Fjordhesten, her kan du vere med å pusse og stelle hesten slik at den kan vise seg frå si beste side under Dyrsku-dagane. Du kan òg lære om skoing, klypp av man og påseling og påsaling av Fjordhest.

Geitene må mjølkast, og vil du vere med og prøve, så er det lov!

På ein gamal gard måtte ein vere sjølvhjulpen, på Sterke Nils-tunet kan du stifte nærare kjennskap til gamle handverks-aktivitetar som smiing, halmbinding, tjørebrenning, hovslaging, bearbeiding av lin og gamle motorar og maskiner.

I tillegg er det fleire daglege, kulturelle innslag på tunet, sjå program for oppdatert oversikt.

Kven var Sterke Nils?

Nils Olavson Langedal, eller Sterke Nils som han er best kjent som, blei født omkring 1720 på Rullerud i Brunkeberg i Kviteseid i Telemark.

Stogo som Sterke Nils vaks oppi finn du på tunet på Dyrskuplassen. Under Dyrku’n kan du innom og høyre Seljord sogelag fortelje om han og andre sogefigurar i området.

Vil du veta meir om Sterke Nils, sjå snl.no. Infotavler finn du på plassen på Sterke Nils-tunet.

Sterke-Nils tundet