Norsk kjøtt på Dyrsku’n
Alle råvarene er norske og kjøttet kjem frå Gilde. Det gjer også dei mange kilometrane med pølser og tonn med hamburgarar som vert selt på messa. Dyrsku’n er stolte over å ha eit godt samarbeid med Gilde, som leverer prima norske kjøttvarer til gjestene. Det er ei forsikring om at dei blir servert det aller beste!
Storstogo Servering har over 600 sitjeplassar under tak.
Dyrsku-kokkane ynskjer hjarteleg velkommen til velsmakande, heimelaga mat heile helga!
Utvidar matserveringa
– I år utvidar me mattilbodet i Storstogo med både salat og flesk og duppe i tillegg til folkefavorittane kjøtkaker, lapskaus og fårikål som er faste travarar på menyen, seier Trine Thorsell i Kokkelauget.
Dei som har vore på Dyrsku’n tidlegare veit at i Storstogo er det fullt trykk frå fredag til sundag. Her er det over 600 sitjeplassar under tak, og i løpet av dei tre dagane vert det selt over store mengdar kjøtkaker og lapskaus.
– Det er stor stas at Kokkelauget Telemark no får bidra i at både besøkjande og utstillarar får god heimelaga mat under heile folkefesten, seier Thorsell. Ho er leiar i Norske Kokkars Landsforeining Telemark, som i år har det overordna ansvaret for matservering på Storstoga. For å forsyne folket med mat har Thorsell med seg son sin, Sondre Vik, som er kokk og butikkslaktar.
Mat til folkefesten
– Dyrsku’n er det næraste Telemark kjem karnevalet i Rio! Det er så moro å sjå korleis dei klarar å trekkje folk frå både Austlandet og Vestlandet hit til Seljord. For ein flott folkefest, seier Sondre, som var på Dyrsku’n for fyrste gong i fjor.
I år vert mattilbodet til gjester utvida med mellom anna salat og flesk og duppe. Kokkelauget Telemark skal bemanne Storstoga, så då ligg det alt an til at det skal gå på skinner.
– Me er klare og gler oss til å jobbe saman med det velsmurte maskineriet på Dyrsku’n. Det er så dyktige folk som står bak heile arrangementet og legg til rette for at me også kan gjere ein god jobb, seier Thorsell.
Utvida tilbod til utstillarane
Nytt av året er at også utstillarane får eit betre mattilbod på Dyrsku’n. Det vert lange dagar for dei som står på stand, og då er det godt å kunne få seg eit skikkeleg måltid – anten det er frukost, lunsj eller middag.
– Me vil servere flesk og duppe og viltgryte til middag, i tillegg til kjøtkaker, lapskaus og fårikål, seier Vik. Det vert også eit større utval av bagettar og ein salatbar. Til frukosten vil det i år bli tilbod om både yoghurt, frukt og kornalternativ. Og for dei som sverger til egg og bacon, forsikrar han at dette ikkje forsvinn frå menyen.