Kalv på TYR arena

Kjøttfe og TYR

Kjøttfe på Dyrsku’n finn du på standen til TYR, E500. Ein ny arena for dyr og dyreinteresserte folk.

Velkomen til Hestevegen – ein beredskapsveg og rettstrekke for islandshest i eitt. Den nye vegen gir enkel tilgang for dyra til det nyaste området på Dyrskuplassen, E500. Hit flyttar TYR heile arenaen sin, der du kan lære om kjøttferasane, sjå temjing av dyr og westernriding. Og mykje, mykje anna.

På TYR sin stand kan du oppleve ulike kjøttferasar som finst i Noreg. I tillegg til dyr så møter du engasjerte storfekjøtprodusentar på standen.

På standen vil det i løpet av helga vere både moglegheiter for å sjå og lære om ulike kjøttferasar. Det blir digital auksjon av ein flott seminokse frå TYR, der vi har med oss Håkon Marius Kvæken som auksjonarius på scena i Fjoset – her blir det show!

Vil du sjå korleis ein brukar hesten i arbeid med kjøttfe? Då er det berre å møte opp på TYR sin stand, der vi vil vise ulike greiner med kjøttfe og westernridning. Her blir det liv!

Storfekjøtproduksjon er diskutert både i forhold til klimautslepp og kosthald. Berre 3 % av Noreg har dyrkbart areal, og 67 % av dette arealet er ikkje eigna til anna enn dyrking av gras. Det vil seie at det ikkje kan brukast til dyrking av verken korn eller grønsaker. Beitedyr, som storfe, sau og geit, er difor vesentlege for å gjere om gras til protein som kan nyttast av menneske. Beitedyr som storfe, sau og geit bidreg til auka norsk sjølvforsyning, levande kulturlandskap, spreidd busetjing og eit landbruk over heile landet. Norsk storfekjøtproduksjon er berekraftig.

Kom innom standen for ein prat om norsk storfekjøtproduksjon.

Bli betre kjent med TYR her.