Det er utstillars ansvar å halde standplassen og området rundt ryddig og fri for søppel til ei kvar tid. Det produserast svært mykje avfall i samband med Dyrsku’n og mykje av dette er ein ressurs som kan nyttast opp att.
Av brannomsyn skal ikkje søppel og brennbart avfall oppbevarast inne på standen.
Utstillarar på Dyrsku’n skal sortere i desse fraksjonane:
- Matavfall. Her skal alt som er matavfall OG matemballasje. Dette går til gjenvinning biogass.
- Restavfall
- Plast
- Pant. Mykje pant går i søpla hos oss, hjelp oss å bli meir berekraftig!
I tillegg vert det sortera i desse kategoriane:
- Papp/kartong – må flatpakkast og fraktast til eige returpunkt
- Plast/folie
- Trevirke
- Glas/metall
Utstillarar får utdela avfallssekkar for plast og restavfall ved innsjekk. Desse må settast synleg fram til vegen.
Tidspunkt for henting av plast- og restavfall:
- Fredag morgon
- Laurdag morgon og kveld
- Ved avreise sundag kveld skal standen ryddast og avfallet sorterast som forklara over
For dei av dykk som har mykje pallar/anna trevirke eller stål/jern, er det fint om du tek kontakt med oss slik at vi kan vise til oppsamlingsplass. Slikt type avfall skal ikkje i restavfallscontaineren. Containerar og andre oppsamlingsbehalderar skal vere synleg merka med dei forskjellige fraksjonane.