Vi anbefaler at publikum lar hundar og andre kjæledyr bli heime under Dyrsku'n.

Dyrsku’n utan hund

Vi er sjølvsagt glad i dyr på Dyrsku’n, men på ein av Noregs største marknadar er det mykje folk og trengsel. Det er ikkje optimale tilhøve for hunden din, den har det best heime.

Folkemengda og trengselen kan virke skremmande for hunden din.

Nokre av våre gjester er ikkje vant med husdyr og er redde, nokon er kanskje allergiske for ditt kjæledyr.

Sjølv om hunden din kanskje er vant med dyr, er dyra som er til stades på Dyrsku’n ikkje vant med akkurat din hund. Om ein okse på over 1 tonn blir redd for hunden din og bryt seg laus, kan det få katastrofale fylgjer for mange.

I nokre område vil det bli adgang forbode for hundar, t.d. i område der det er utstillingsdyr og der det er matsal innandørs. Hund og eigar vil bli synt vekk frå desse plassane dersom oppmodinga ikkje blir etterkome.

Tusen takk for at du viser omsyn og dyrekjærleik!