Når er datoen for Dyrsku’n 2023?
- Dyrsku’n blir arrangera 08.-10. september 2023
Kan eg avbestille tildelt standplass?
- Avbestillingar må sendast skriftleg til utstillar@dyrskun.no innan 25. juni 2023. Ved avbestilling etter denne datoen må standleige likevel betalast i sin heilskap.
- Unntak er ved framvist legeerklæring, som sendast uoppmoda til utstillar@dyrskun.no. Arrangør vil i slike tilfelle refundere innbetalt standleige.
Får vi att påmeldingsavgifta vi har betalt for ved avbestilling eller ikkje tildelt standplass?
- Nei, påmeldingsavgifta er eit obligatorisk gebyr som ikkje blir tilbakebetalt. Dette gjeld òg dersom du trekk søknaden din.
Når blir faktura for standleiga sendt ut?
- Faktura for standleige blir sendt ut medio mai med ordinær 14 dagars betalingsfrist. Utstillar vil ikkje få tilgang til tildelt standplass før standleiga er betalt i sin heilskap.
Søknaden min står på venteliste?
- Søknaden din står førebels på venteliste, men vi har fortløpande inntak frå denne inntil 1 veke før arrangementsstart. Gje oss skriftleg beskjed dersom du ikkje lenger ynskjer å stå på venteliste.
Eg har fått tildela standplass, men kva er nøyaktige mål på standplassen?
- Send mail til utstillar@dyrskun.no, så sender vi deg mål eller utsnitt av standplassen din.
Når er søknadsfristen for Dyrsku’n 2024?
- Søknadsfristen er 1. februar 2024. Søknadsskjemaet er førebels ikkje opna for Dyrsku’n 2024.
Kva er datoen for Dyrsku’n 2024?
- Datoen for Dyrsku’n 2024 er 13.-15. september. Hugs at Dyrsku’n startar alltid 2. fredagen i september.