Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Finn vegen til Dyrsku'n

Finn Dyrsku’n

Dyrsku’n ligg på Dyrskuplassen i Seljord. Den vakre bygda ligg sentralt i Sør-Noreg, midt mellom Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Finn raskaste veg til Dyrskuplassen.

Dyrskuplassen ligg rett ved E134 som går frå Oslo til Haugesund. Under Dyrsku’n er det stor trafikk inn mot Seljord, så du må pårekne litt ventetid i bilen. Har du moglegheit, kan du komme hit med buss og/eller tog. Lytt til Dyrskuradioen på 104,1 + DAB for oppdatert trafikkinformasjon.

Buss: 
Seljord sentrum er eit trafikknutepunkt med bussekspress og god kommunikasjon med sentrale plassar som Oslo, Bergen og Torp. Sjå Nor-Way Bussekspress og Telemark Bilruter.

Telemark Bilruter tilbyr i samarbeid med Dyrsku’n busspakke som inkluderer både bussbillett og inngangsbillett til Dyrsku’n.

Tog:
Det går tog til Bø i Telemark frå Oslo, Kristiansand og Stavanger. Derfrå er det godt bussamband vidare til Seljord. Sjå Go-Ahead Nordic sin ruteplanleggar.

Bilveg til Seljord: