Parkering

Til Dyrsku'n kjem mange med bil, men fortvil ikkje! Det er fullt av parkeringsmoglegheiter rundt Dyrskuplassen.

Hugs kontantar til parkering! Prisar frå kr. 60-80,- pr. bil og dag, avhengig av kvar du parkerer. På parkeringane Dyrsku'n disponerer er det kr. 60,- medan nokre private aktørar tek kr. 80,-

Vi anbefaler å følge råda frå parkeringsvakter og politi for sist oppdatert informasjon. 

Dei aller næraste jorda blir fylt opp i løpet av formiddagen, men nokre tips får du her; Kjem du frå Skien/Bø så køyr vestsida av Seljordsvatnet (Garvikstrondi). Då kan du parkere der vegen møter E134, der er det bare 400 meter å gå til Tivoliporten. Då slepp du også å køyre i kø gjennom Seljord sentrum når du skal heim igjen, og du kjem deg raskt både til aust og vest. 

Eit anna råd ved tett trafikk er å køyre vestover på E134 og ta inn mot Dyrskuplassen i Nordbygdi, der er det som regel ikkje like mykje trafikk. Når den næraste parkeringa er fylt opp, sett vi opp shuttlebussar til parkeringsplassane som ligg lengst vekk frå Dyrskuplassen.

TRYKK HER FOR Å LASTE NED KART MED OVERSIKT OVER PARKERING OG CAMPING

Trøbbel med å finne fram? Her er oversikt på parkering for Dyrsku'n