Ofte stilte spørsmål

Har du spørsmål som utstillar?
Her finn du som utstillar svar på dei mest stilte spørsmåla vi får.


Når er dato for Dyrsku'n 2021?

  • Dyrsku'n blir arrangera 10.-12. september 2021

Eg/vi ynskjer å behalde bestillinga mi til neste år, treng eg/vi å gjere noko? 

  • Nei. Dersom vi ikkje høyrer frå deg innan 1. august 2020, vil vi automatisk overføre søknaden din til neste år. Dette gjeld om du er tildela standplass eller står på venteliste for 2020.
  • Dersom det er endringar med kontaktperson, adresse o.l. må du gje oss beskjed om dette på post@dyrskun.no
  • Dersom du vil behalde bestillinga di til Dyrsku'n 2021, er det reglar for Dyrsku'n 2021 som gjeld.

Eg/vi ynskjer ikkje å behalde bestillinga mi for neste år, kva gjer eg/vi?

  • Dersom du ikkje ynskjer å behalde bestillinga til neste år, må du sende oss ei skriftleg melding om dette. Denne kan sendast til post@dyrskun.no innan 1. august 2020. 

Får vi att påmeldingsavgifta vi har betalt for 2020?

  • Nei, påmeldingsavgifta er eit administrasjonsgebyr som ikkje blir tilbakebetalt. For dei som ynskjer å overføre sin søknad til neste år, vil dei ikkje bli belasta med ei ny påmeldingsavgift for 2021.

Må vi betale ny påmeldingsavgift for 2021?

  • Nei, for alle som har betalt påmeldingsavgift for 2020, må det ikkje betalast ny påmeldingsavgift for 2021.

Eg har fått faktura for påmeldingsavgift, men ikkje betalt. Kva gjer eg? 

  • Du må betale fakturaen, då dette er eit administrasjonsgebyr som ikkje blir refundera. Det vil bli sendt ut purringar til dei som ikkje har betalt innan forfallsdato.

Blir det endring i standprisen for 2021?

  • Nei, det blir ingen endring i standprisane for 2021. Prisane på dei forskjellige standplassane finn du i søknadsskjemaet på kundesenteret

Får vi behalde samme plass som i år? 

  • Ja, dersom det ikkje er særskilte grunnar for at vi må gjere endringar, vil dei som har fått plass i 2020 få behalde den samme standplassen i 2021.

Vi har ikkje vore med på Dyrsku'n tidlegare, når kan vi søke om plass på Dyrsku'n 2021?

  • Vi har allereie opna søknadsskjemaet for Dyrsku'n 2021. Du finn søknadsskjemaet på kundesenteret vårt.

Når er søknadsfristen for Dyrsku'n 2021?

  • Søknadsfristen er 1. februar 2021

Når er avbestillingsfrist for Dyrsku'n 2021?

  • Avbestillingsfristen for Dyrsku'n er 1. mai 2021. Ved avbestilling etter denne datoen må standleige betalast i sin heilskap.

Når er betalingsfrist for Dyrsku'n 2021?

  • Faktura på standleige vil bli sendt ut primo mars 2021