Framtidas landbruk på Dyrsku’n

Dyrsku’n ønskjer å vise korleis husdyra våre har det – ikkje berre før, men også no og i framtida. Derfor er vi godt i gang med ei større oppgradering av Husdyrhallen.

08.09.2025
Moderne teknologi til ku

Her skal gjestene våre få sjå moderne teknologi, løysingar for betre dyrevelferd og utstyr som speglar korleis drifta i norsk landbruk faktisk ser ut i dag. Dyrsku’n har i samarbeid med Felleskjøpet inngått et samarbeide for oppgradering av Husdyrhallen, og det vert no installert nytt utstyr for å tilpasse Husdyrhallen til dagens krav til dyrevelferd og moderne drift i norsk landbruk.

Felleskjøpet er ein viktig partner for å løfte Husdyrhallen til eit heilt nytt nivå og saman skal vi vise fram det nyaste innan husdyrhald og landbruksteknologi. Oppgraderingane kjem til å halde fram dei neste åra, men allereie til årets Dyrsku har mykje nytt kome på plass.

Husdyrhallen for framtida

Oppgraderingane som startar no er berre byrjinga. Til Dyrsku’n 2026 vil det kome endå fleire nyvinningar, blant anna ny og framtidsretta innreiing for storfe.

Dyrsku’n skal vere ein stad der både forbrukarar og bønder får innsikt i korleis moderne, berekraftig og dyrevennleg husdyrhald blir gjennomført i Noreg. Saman med Felleskjøpet viser vi framtida.

Moderne teknologi til ku

NYTT UTSTYR I HUSDYRHALLEN 2025:

ACO FUNKI

  • Ny FT-30 fødebinge med fiberinventar, rustfri krybbe og Master Heater-varmeelement
  • Ny slaktegrisbinge med fiberinventar og Funkimat-forautomat

DELAVAL

  • VMS 300 mjølkerobot
  • Robotmjølking er framtida for mange mjølkeprodusentar. Roboten vil ikkje vere i drift med ekte mjølking under årets arrangement, men vi legg til rette for at publikum kan sjå korleis teknologien fungerer i praksis.