Med Vest-Telemark Museum og Norges Husflidslag som fagleg ansvarleg vert dei innsende arbeida vurdert av fagjuryar beståande av dommarar med solid bakgrunn i det fagfeltet dei dømmer i. Arbeida konkurrerer ikkje mot kvarandre, men vert vurdert opp mot ulike kriterium som er tilpassa aktuell kategori og klasse.
I ei klasse kan det difor bli delt ut fleire prisar av same grad. Det vert og lagt vekt på å gje gode skriftlege tilbakemeldingar til deltakarane, med grunngjevingar for den bedømminga som er gjort. Dette kan vere med på å auke ferdighetar og kompetanse, og at deltakaren hevar kvaliteten på arbeidet sitt.