På årets TYR-stand får publikum sjå og lære meir om mangfaldet av kjøttferasar i Noreg. Her står fleire bingar med kyr og kalvar klare for å ta imot små og store gjester, og dei kunnskapsrike representantane frå TYR svarar gjerne på spørsmål om både rasar, avlsarbeid og norsk storfekjøttproduksjon. Kvar dag vert det eigne presentasjonar av dei ulike rasane, slik at publikum får eit levande innblikk i eigenskapar og særpreg.
Eit høgdepunkt i år er demonstrasjonen av westernhest som arbeidsverktøy ved sortering av storfe – ei effektiv og tradisjonsrik arbeidsform som fascinerer både bønder og hesteinteresserte. I same kategori får ein òg sjå korleis virtuelle gjerder kan nyttast, og korleis ein gjer dyr vand med denne typen teknologi.
Fredagen blir ekstra spennande med auksjon av ein seminokse – ein av dei beste Angus-oksane i landet. Her ventar ein både stor interesse og god stemning når boda går.
Dei danske spesialistane Søren og Sofie Brydsø er tilbake for å halde kurs i dyretemjing kvar dag. Dei vil vise korleis ein raskt og effektivt får storfe til å bli «leietamme», noko som er både nyttig og underhaldande å oppleve.
Meny kjem innom standen fredag for å dele ut smaksprøver av førsteklasses Angus-kjøt. I samband med dette jobbar TYR med å få til ei unik seanse der ein vurderer kjøtkvalitet og stykningsdeler – på eit levande dyr.
For dei som vil prøve lukka, byr TYR på ei rebusløype for heile familien, med sjanse til å vinne fine premiar. Dei som melder seg inn i TYR under Dyrsku’n får dessutan halv pris på medlemskap ut året – og er med i trekninga av deltaking på Storfekongressen Storfe2026.
FAKTA OM TYR
- Namn: TYR – Norsk Kjøttfeavlslag
- Stifta: 1995
- Hovudkontor: Hamar
- Medlemmar: Om lag 2 500 bønder og storfeprodusentar
- Ansvarsområde: Nasjonalt avlsarbeid for kjøttfe i Noreg.
Forvaltar avlsarbeidet for hovudrasane Charolais, Limousin, Hereford, Aberdeen Angus og Simmental. Har òg ansvar for Tiroler Grauvieh, Dexter, Galloway, Blonde d’Aquitaine og Highland Cattle. - Mål: Styrkje norsk storfekjøttproduksjon og heve kvaliteten på kjøttfe gjennom avl, testing og kompetansedeling.
- Nettside: www.tyr.no