Dyrskuplassen i Seljord - oversiktsbilde

Vaktmeister

Vi søkjer etter ny vaktmeister – er du den vi ser etter?

Søknadsfrist 30. januar 2022

DYRSKU’N ARRANGEMENT AS har 14 faste tilsette og ein omsetnad på om lag 40 mill kr. Selskapet er i spanande utvikling. Selskapet er lokalisert på Dyrskuplassen i Seljord og driv bl.a. Vårmarknaden, Dyrsku’n, Countryfestivalen og Seljordfestivalen. I tillegg vert plassen leigd ut til ulike arrangement i løpet av året. Selskapet vert drifta etter ein modell der alt overskot blir ført tilbake til drift av plassen med bl.a. vedlikehald av bygningar og vidareutvikling av infrastruktur til beste for dei kring 200 000 som i løpet av året besøker plassen.

 

VAKTMEISTER 

Vaktmeisteren er svært sentral for drifta av Dyrskuplassen på 170 dekar og 40 bygningar. Stillinga er sjølvstendig og breidda i oppgåvene er stor.

I samarbeid med driftsleiar skal du sørge for vedlikehald og utvikling av Dyrskuplassen, samt førebuing og gjennomføring av arrangementa. Det er ei særs utadretta verksemd og stillinga inneber mykje kontakt med grunneigarar, utstillarar, publikum og leigetakarar.

Vi ser etter deg som er entusiastisk, strukturert, grundig og nevenyttig. Du må vere fleksibel, då det er stor variasjon i arbeidsmengde og oppgåver gjennom året. Den rette er ein lagspelar og har god driftsmessig forståing. Interesse for korleis ein kan ta i bruk ny teknologi for proaktiv og systematisk oppfølging er også viktig.

Erfaring som vaktmeister eller fagbrev er ein fordel, men anna relevant bakgrunn kan kompensere for dette.

Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, hyggelege kollegaer og spennande utfordringar.

 

For nærare informasjon, ta kontakt med:

Driftsleiar Morten Olav Dyrud mobil 951 06 333

Prosjektleiar Marit Mæland mobil 917 51 390

Send ein kortfatta søknad med CV via søknadsskjema på finn.no innan 30. januar 2022.