Utstillinga er landets største tevling innan husflid, handverk og design og er eit samarbeidsprosjekt mellom Dyrsku’n Arrangement, Vest-Telemark Museum og Norges Husflidslag. Dyrsku’n får under eit normalår besøk av om lag 90.000 gjester og over 800 utstillarar. Husflid og handverk er viktige pilarar i arrangementet, og vi er stolte av å både kunne oppretthalde og vidareutvikle Husflidsutstillinga på Dyrsku’n 2022.
Du er herved invitert til å delta i Husflidstevlinga!
Tevlinga er open for både profesjonelle handverkarar og for dei som har handverk som hobby. For elevar, studentar, lærlingar og kursdeltakarar er det oppretta eigne klassar, og desse gruppene er spesielt velkomne til å delta.
Dei innsendte arbeida blir synt fram i ei spennande utstilling under marknadsdagane på Dyrsku’n 9.-11. september.
Tevlinga gir deltakarane moglegheita til å få ei objektiv vurdering av sitt innsendte produkt, av Norges Husflidslag sin fagjury. Forutan første-, andre- og tredjepris kan ein dessutan vinne ein av våre spesielle prisar; «Nyskapingsprisen», «Stimuleringsprisen» og «Diplom for godt handverk».
Årets tema er «SLAGKRAFT – Smiing i 2022», og i særutstillinga vil det i tillegg til tevlingsbidrag bli synt fram eit breitt spekter av alt frå kopieringsarbeid, instrumenter og kunstsmidde objekt frå smedar som utmerker seg i Noreg.
Skjemaet for påmelding til Husflidstevlinga finn du her
På sidene om husflid finn du og anna nyttig informasjon om Dyrsku’n og husflidstevlinga.