Møt Landbruket – duka for debatt og fagleg påfyll

I Møt landbruket-teltet blir det samtalar, foredrag og debattar om aktuelle tema i norsk landbruk. Politikarar, fagfolk, bønder og alle som er oppteken av kva som rører seg i næringa vil finne noko av interesse her.

28.08.2025
Foto: Thorleif Moe Bratval

– Vi ser ei aukande interesse frå organisasjonar og verksemder for å få halde foredrag og debattar i Møt landbruket-teltet, seier Jan Thorsen, organisasjonssjef i Telemark Bondelag.
Han fortel at han allereie har ei venteliste med organisasjonar til nye arrangement under Dyrsku’n i 2026. Men vi skriv framleis 2025, og Thorsen gler seg til folk igjen flokker til teltet for fagleg prat og debatt.

Ungdom møter ministeren
Ein av dei fyrste programpostane i teltet i år blir når elevar frå naturbruksskular på Austlandet møter landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) og vinnarane av Årets unge bonde 2024, Thea Sandsengen og Jørgen Andrisson Kvam.
– Det har jo blitt ein tradisjon, og det fungerer veldig bra. Elevane får stille spørsmål og har gode samtaler med både ministeren og bøndene, seier Thorsen. Om lag 400 ungdommar blir bussa inn til eit heildags opplegg i regi av Felleskjøpet, Tine, Nortura og Landkreditt. Møtet blir leia av politisk redaktør i Nationen, Anne Ekornholmen.
– Vi håper å få til ein dialog mellom ungdom i utdanning, dei som bestemmer og unge bønder med litt erfaring. Vi vil høyre kva ungdommen er uroa for og spent på når dei vurderer ein karriere i landbruket. Korleis ser dei for seg ei framtid i næringa, seier ho.

Håpar dei unge nyttar høve
At tenåringar kan møte ein statsråd direkte slik, midt blant tusenvis av folk, er ikkje noko vi skal ta for gitt, understrekar Ekornholmen.
– Det er ei moglegheit ein bør bruke og vere glad for. I veldig mange andre land er det dessverre heilt umogleg.

– Bondetoppmøtet er eit høgdepunkt
Under bondetoppmøtet fredag møtest Tor Jacob Solberg (Norsk Bonde- og Småbrukarlag) og Bjørn Gimming (Norges Bondelag) til ein prat leia av Nationen-kommentator Hans Bårdgård.
– Vi vil høyre korleis dei ser på stoda i næringa etter fire år med raudgrøn regjering, bondeopprør og inntektsvekst. Er det positivitet og optimisme i næringa no? Kor ligg utfordringane for ei ny regjering? seier Ekornholmen.

Rom for både alvor og humor
Elles blir det foredrag om fruktbarheit i storfebesetninga, gris som «grønaste» protein, beredskap, jordhelse, jordvern og rolla til landbruket i mote- og tekstilindustrien.
Thorsen trekk òg fram «Seterlandskapet – bruke, men ikkje forbruke », ein diskusjon om korleis ein kan realisere potensialet og moglegheitene som ligg i møtet mellom seterdrift og reiseliv.
– Debatteltet er jo fylt med mykje meiningsfylt alvor og store, viktige utfordringar, men vi har òg plass til humor og noko å le av, seier han.
Halvor Kleppen og Knut Buen er tilbake med «Lusesøren og Ruskesara» – gode historier frå Dyrsku’n og Telemark, med felespel frå Buen. Søndag blir det telemarkmeisterskap i potetskrelling, som også er kvalifisering til noregsmeisterskapet i oktober.

Ingen stad som Dyrsku’n
Thorsen understrekar kor viktig Dyrsku’n er som arena for Norges Bondelag. Her treffer dei både medlemmene sine, potensielle medlemmer og andre med interesse for norsk landbruk.
– Få andre stader får norsk landbruk vist fram så mykje for så mange på så kort tid, seier han. Også for Nationen er Dyrsku’n ein viktig stad å vere, og Ekornholmen trekk fram arrangementet laurdag der Nationen-kommentator Eva Nordlund utfordrar Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Korleis vil han sikre innflytelse for Senterpartiet etter valet?
– For Nationen er Dyrsku’n eit godt høve til å møte gamle og nye lesarar, samstundes som publikum får møte politikarar og fagfolk, seier ho.

Sjå program Møt Landbruket

Foto: Eva Nordlund, kommentator i Nationen, utfordrar Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum i Møt landbruket-teltet laurdag klokka 15.00. Foto: Anne Ekornholmen.