Oppsetting av telt på Dyrskuplassen

Oppsetting av telt

Oppdater deg på reglar for oppsetting av telt på Dyrskuplassen.

Då plassen har eit nettverk av kablar for både straum og vatn, minner vi om at teltspyda ikkje skal overstige 25 cm. Vi ber difor alle som monterar telt på sin stand om å sikre desse ekstra godt med betonglodd e.l slik at vi slepp øydelagde kablar, telt o.a. ulykker.

Betonglodd eller anna sikring skal vere innanfor eigen standplass. Informer om dette til dei som skal sette opp teltet dykkar, så slepp dei å gjere jobben på nytt.

Det er utstillar sitt ansvar å sikre sine telt og evt andre lause gjenstandar.

Vi opplever kvart år at det er telt som ikkje er godt nok festa og det er utstillar sitt ansvar å sikre sine telt og evt. andre lause gjenstandar som kan påføre andre skade.

Har du ikkje eige telt? Ta kontakt med vår samarbeidspartnar Utleiepartner for eit godt tilbod på leige av telt og utstyr.