Dyrsku'n 9.-11. september 2022

Klikk her for å kjøpe billetter

Husflidstevlinga på Dyrsku'n er Noregs største tevling i husflid, handverk og design

Premieutdeling husflidstevlinga

Sundag 11. september 2022 er det duka for årets pris- og premieutdeling for deltakarane i Husflidsutstillinga – tevling i handverk & design i Tett På-arenaen.

Frå kl. 14.00 vert det servert ein liten smakebit av lokalprodusert mat og drikke til årets deltakarar. Det er òg lagt til rette for hyggeleg prat både med kvarandre, med oss frå Dyrsku’n Arrangement AS og frå Norges Husflidslag. 

Kl. 15.00 er det utdeling av premiar i tevlinga, samt utdeling av spesielle prisar. Det vil vere kulturelle innslag under utdelinga, og vi sørger for at det er godt med sitjeplassar.

Både deltakarar og anna publikum er hjarteleg velkomne til å sjå på utdelinga. 

 

Fyll inn påmelding til Husflidsutstillinga – tevling i handverk & design innan 12. august 2022